Christi Brandser: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Bilete. Tilleggsopplysningar.)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|Brandser, Christi (1861-1931).jpg|Christi Brandser|Ukjent/Skjåk historielag.}}
<onlyinclude>{{thumb|Brandser, Christi (1861-1931).jpg|Christi Brandser|Ukjent/Skjåk historielag.}}
'''Christi Brandser''' (fødd 1861 i [[Skjåk kommune|Skjåk]], død 1931 i [[Heidal kommune|Heidal]] i nåverande [[Sel kommune]]) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader truleg mistydd som Kristen.</onlyinclude>
'''Christi Brandser''' (fødd 1861 i [[Skjåk kommune|Skjåk]], død 1931 i [[Heidal kommune|Heidal]] i nåverande [[Sel kommune]]) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.</onlyinclude>


== Bakgrunn og familie ==  
== Bakgrunn og familie ==  

Sideversjonen fra 22. feb. 2017 kl. 17:29

Christi Brandser
Foto: Ukjent/Skjåk historielag.

Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard Kvåle (1827-1907). Christi hadde tre brør. Den eine, Erland (f. 1855), vart i likskap med Christi lærar. Erik (f. 1865) var underoffiser og seinare gardbrukar etter foreldra. Eldste broren, Hans (f. 1852), er i folketeljinga 1875[1] registrert som «sygevogter» ved garnisonssjukehuset i Kristiania. Han dreiv sidan ymse forretningsverksemd i Kristiania, mellom anna hotelldrift, men flytta seinare i livet attende til Skjåk, der han kjøpte småbruket Hull (Nørdre Lykreholet).

Christi gifta seg 8. januar 1897 med Gonetta Marie Olsdotter Faukstad (fødd 1863). I folketeljingane 1900 og 1910 er den oppgjevne fødestaden hennar Heidal. Men i eit innlegg på Dis Norges slektsforum er det nemnt at ho var fødd på Landgård i Øyer.[2] Dei to fekk sonen Kristian (fødd i Vågå 1897) og dottera Magna Kristine (fødd i Rakkestad 1898).

Lærargjerning og bustader

Gjennomgådde kjelder viser ikkje kvar Christi hadde lærarutdanninga si frå, og opplysningane om hans tidlege yrkesår som lærar er også mangelfulle. Han var lærar på eit framhaldsskulekurs på Søre Hyrve i Skjåk i 1893, og fekk det året skipa det fyrste frilynde ungdomslaget i Skjåk, U.L. Bergtorskvål.[3] I tidsrommet 1898-1911 var han folkeskulelærar i Rakkestad. I folketeljingane både for 1900 og 1910 bur familien på Gjulum skule der.[4] I 1910 tok kona att på odel gardsbruka Sygard Faukstad (gnr. 194.) og Nedre Faukstad (gnr. 194.9) i Heidal, og Christi fekk lærarstilling der i bygda. Dei måtte visstnok gå frå Sygard att, og budde og dreiv deretter Nedre Faukstad, der sonen Kristian følgde etter som gardbrukar.[5]

Referansar

  1. Mal:Folketelling person
  2. Slektsforum Dis Norge.
  3. Hosar, Hans P. 1998:387.
  4. Mal:Folketelling person og Mal:Folketelling person.
  5. Norske gardsbruk bd. 10:348, Oslo 1953.

Kjelder og litteratur

  • Christi Brandser i Historisk befolkningsregister.
  • Digitalarkivet: Folketeljingar for Skjåk 1865, 1875, 1900.
  • Digitalarkivet: Folketeljinga for Rakkestad 1900.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok bd. 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
  • Norske gardsbruk bd. 10, Oppland fylke 2, Gudbrandsdalen bd. 1. Oslo 1953.
  • Ættebok for Skjåk bd. I side 20-21, jf s 213 og 241.