Christian Bøbak

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mai 2009 kl. 13:50 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Christian Bøbak''' f. 1891Bøbakken i Lesja, d. 1955 var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrett...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Christian Bøbak f. 1891Bøbakken i Lesja, d. 1955 var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrettfotografer» står det i omtalen av han på Nasjonalbibliotekets oversyn over fotografar i Noreg. Fotohistorikaren Roger Erlandsen lister Bøbak som nr 2 blant 8 sentrale norske portrettfotografar i det han kallar «portrettets gullalder» (tida krig første verdskrigen). Kristian Hosar har referert den mangeårige formannen i Norges Fotografforbund, H. Johnsrud: «Hans portretter, representerer i utpreget grad fotografiets absolutte virkelighet. Han viser for oss mennesket, uretusjert og i all sin opprinnelighet, uten forloren pynt.»

Bøbak gjekk i lære hos fotograf Hans H. LieVinstra truleg rett etter han var konfirmert og dreiv deretter som bygdefotograf i Lesja og Dovre fram til 1914 da han reiste til Kristiansund der han starta eiga fotoforretning tre år seinare. I 1924 flytta han til Bergen med familien på grunn av dårlege tider i Kristiansund. I Bergen styrte han fyrst ei anna fotoforretning før han i 1928 etablerte Fotograf Bøbak A/STorvalmenningen sentralt i bybildet. Den dreiv han til 1953, to år før han døydde. Ein slektning overtok firmaet, som var i drift til 1974.

Bøbak deltok og vart premiert i mange nasjonale og internasjonale fotoutstillingar. Bildet av mora Kari er mellom dei som har fått fleire medaljar. Han var òg aktiv i organisasjonsarbeid, m.a. som redaktør av Norsk Fotografisk Tidsskrift frå 1933 til 1942.

Foto av Christian Bøbak

Litteratur

  • Arnfinn Kjelland: Christian Bøbak – frå bygdefotograf til nasjonalt kjent portrettfotograf. I Kjelland, Arnfinn og Tor Einbu 2008: Bygdebok for Lesja bd. 4. Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850-1950 s. 229-232.