Christopher Bruun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Christopher Arndt Bruun (fødd i Christiania 23. september 1839, død i Gausdal 17. juli 1920), var folkehøgskulepioner, prest, samfunnsdebattant og venstrepolitikar. Han har hatt sterk innverknad på den venstrenasjonalistiske rørsla i Noreg, slik det har ytra seg fyrst og fremst gjennom den grundtvigianske folkehøgskulen, den frilynde ungdomsrørsla og i partiet Venstre. Hans bok Folkelige Grundtanker (1878) vart eit ideologisk manifest for desse straumdraga i norsk kultur- og samfunnsliv. I skuleverksemda si følgde Bruun Grundtvigs og den danske folkehøgskulens pedagogiske idear. Som teolog og prest stod han derimot i motstrid til både grundtvigianismen på den eine sida og til pietismen og den johnsonske vekkjinga på den andre sida. Som politikar kom Bruun i opposisjon til den radikale, republikanske delen av Venstre. I 1905 stod han stridt og temmeleg aleine i sitt standpunkt mot unionsoppløysinga.


Familie

Foreldra var sakførar (stiftsoverettsprokurator) Johan Peter Bruun (1810-1843) og Hansine Nicoline Juliane Sybille (Line) Stenersen (1816-1901). Christopher hadde to sysken, Peter og Thea. I 1872 inngjekk han ekteskap med Kari Skar (1851-1924). Ho var fødd og oppvaksen på garden Skar i Øyer, og ho var syster til Johannes Skar og Mathias Skard. Christopher og Kari Bruun fekk åtte born. Fem av desse døydde i ung alder.


Utdanning og ungdomstid

Da faren til Christopher Bruun døydde i 1843, flytta mora med borna til nær slekt i VangHedmarken. Sju år etter flytta dei til Lillehammer. Her gjekk Christopher latinskulen. Da han vart student i 1856, slo familien seg igjen til i Christiania. Han studerte teologi frå 1857, og var ferdig utdanna prest (cand. theol.) i 1862. Under innverknad frå Kierkegaards kyrkjekritiske haldning, nøla Bruun med å ta fatt på prestegjerninga. Året etter (1863) drog han saman med mora og syskena til Roma. Han braut opp herifrå våren 1864 og melde seg til frivillig innsats på dansk side i den dansk-tyske krigen. Han vart dimittert i august det same året. I dei følgjande to-tre åra livnærte Bruun seg som lærar ved ymse skular og som privatlærar (manuduktør) for teologiske studentar.

Folkehøgskulen Christopher Bruun er mest kjend for folkehøgskuleverksemda si, og må seiast å ha vore den viktigaste enkeltpersonen innan den frilynte grundtvigianske og norskdomsdyrkande greina av denne rørsla. Det byrja hausten 1867 da han starta skulen på Romundgard i Sel med 20 gutar som elevar. Da hadde han tidlegare same året reist i Danmark og oppsøkt folkehøgskulane til Kristen Kold i Dalum og Ludvig Schrøder i Askov. Han hadde også gjort studiereiser i Tyskland og Sveits. Hans næraste medarbeidarar på Sel var Kristoffer Janson, Kristian Kråbøl og syskenparet Christian og Lina Horne.

Etter eit par år vart det spørsmål om å flytte skulen. Det kom seg truleg både av at det var vanskeleg å finne høvelege lokale, og at Sel låg etter måten avsides til. Ringebu var Bruuns fyrsteval som ny skulestad. Men etter sterke oppmodingar frå mellom andre gausdølen Per Bø, vart skulen lagd til Gausdal hausten 1871. Den heldt fyrst til på garden Fykse. Frå hausten 1874 var skulen lokalisert til Bø, men allereie sommaren 1875 kunne den flytte inn i eige, nybygd skulehus som fekk det symbolladde namnet Vonheim. Bruun kjøpte og busette seg på garden Halvorslia der i nærleiken.

Christopher Bruuns folkehøgskule gjorde Gausdal til eit kultursentrum. Kristofer Janson med familie bygde seg hus der og budde der i mange år. Andre lærarar på skulen slo seg også ned der permanent eller for kortare eller lengre tid, såleis Ivar Blekastad, Fritz Hansen, Olav Åsmundstad og andre. Dette miljøet var også ein hovudgrunn til at Bjørnstjerne Bjørnson kjøpte Aulestad og busette seg i Gausdal. Men etter få år kom det til eit høglydt ideologisk og politisk brot mellom Bruun og Bjørnson. Det botna både i Bjørnsons aversjon mot Bruuns puritanisme i teologi og livsstil, og i politisk usemje, der Bjørnson representerte den radikale og Bruun den moderate fløya av venstrerørsla.


Prest i Kristiania

I 1893 flytta Bruun og familien til Kristiania. Han var fyrst residerande kapellan og frå 1898 sokneprest ved Johannes menighet, som omfatta utprega arbeidarstrok som Pipervika og Ruseløkka. Bruun kombinerte prestegjerninga med politisk- og anna samfunnsverksemd. Same året han flytta til Kristiania, grunnla han saman med Thorvald Klaveness tidsskriftet For kirke og kultur. Det vart eit talerøyr for kristent samfunnsengasjement. Bruun var medredaktør fram til 1908.

Det var også det same året 1893 at Bruun stifta partiet Centrum. Det var ei austlandsk venstreavskaling som i mange hovudsaker var på linje med det vestlandsdominerte Moderate Venstre frå 1888.


Ideologien

Ethvert folk har sin folkeaand som er sjælen i dets historiske liv. Den træder frem paa alle omraader af dets aandsliv; den driver alle dets store mænd til deres arbeide og kamp, ligesom de driver de smaa til at følge de store. Det er den som skaber et folks almennyttige indretninger, dets politikk, dets kunst, dets bogværk.

(142)


Folkeånd og germansk renessanse

Heilt sentralt i Christopher Bruuns ideologi står den nasjonalromantiske ideen om at kvart folkeslag har nedlagt i seg ei særeigen folkeånd som set sitt kvalitetsstempel på vedkomande etniske gruppe. Den autentiske folkeånda kan bli korrumpert og neddøyvd til dømes av framand innverknad. Eit unntak gjeld kristendomen, som rett nok var misjonert til germanarane frå heilt framande folkeslag, men som i staden for å korrumpere tvert i mot foredla folkeånda i dei nordiske landa. Og germanarane ville nok vite å gjere gjengjeld: ”Og jeg finder det endogsaa rimelig, at en saadan gjenfødelse af kristendommen, som hele verden uden at vide det sukker efter, vil udgaa fra den norrøne stamme.” (Folkelige Grundtanker 186). Denne tanken høver godt med ei vanleg brukt oppsummering av dei viktigaste elementa i Christopher Bruuns bodskap: Norskdom og kristendom.

I Bruuns augo var europearane jamt over ved å bli til eit affeldig, fortenkt og viljesvekka folkeferd, synkande ned i ein tilstand av oversivilisasjon og dekadanse. Håpet om berging låg i det som Bruun var overtydd om også heldt på å skje: Det ville kome ein germansk renessanse. ”Nordens verdenshistoriske time” var i ferd med å slå, eller meir presist: ”paa én gang norrønnastammens og bøndernes time…”. Og det var gode grunnar til å setje sin lit til denne renessansen, for: ”[…] denne germaniske stamme er det jo, som nu staar fremst inden menneskeheden. Den indehar foruden vore fattige nordiske lande Tyskland, Holland, England og Nordamerika. Og halveis eier den Frankrig med […] Man kan paa forhaand vide, at den stamme, som har spillet en saadan rolle i kristenhedens historie, alt i sin hedenske tid maa have røbet høie og ædle anlæg. Alle de folkefærd, som har naaet nogen kristelig blomstring, har ogsaa levet et mærkeligt liv, før de blev kristne. Kristendommen har ikke taget vildmandsfolk og ophøiet til hovedfolk inden menneskeheden. De gamle germanere har ikke været zulukaffere.” (Folkelige Grundtanker 26-27)

Dyrkinga av den norske, nordiske og germanske folkeånd, med den nødvendige kristne foredling og opphøgjing, kan synast å ha verka motiverande og retningsgjevande for standpunkta til Bruun både på det pedagogiske, teologiske og polititiske feltet.


Pedagogikken

Den autentiske folkeånd openberrar seg tydelegast i genuint i språket, i nasjonale diktverk (mest umiddelbart i folkediktinga) og i sjølve historia til folket. Dette gjev bakgrunn for Bruuns omfamning av Grundtvigs bodskap om at folkehøgskulen skal tilby ”en historisk-poetisk dannelse paa hjemlig grund” (Folkelige Grundtanker, t.d. side 44) og at morsmålet i alle måtar skal vere hovudspråket. (Bruun gjekk fullt og heilt inn for den nynorske målreisingstanken, enda om han personleg aldri praktiserte bruken av landsmål.)

Pedagogisk står Bruun for eit syn som seinare tiders reformpedagogar og ikkje minst Steinerskule-lærarar vil kjenne seg att i. ”Saa vidt jeg ser, er det af stor betydning for et menneskelivs sundhed, at det faar beholde sin lyse barndom uforstyrret saa længe som mulig.” (4) Undervisninga skulle ikkje baserast på pugg og mekanisk tileigning av kunnskapsfag: ”Vi frister at lære dem at tænke over livet. Dette er da det første ”fag” ved høiskolen. Det andet er historien. Og flere hovedfag er der ikke end disse to.” (Folkelige Grundtanker 19) ”Det levande ordet” var eit stikkord - personleg, munnleg og engasjert formidling.



Teologien

Bruun skilde seg teologisk frå Grundtvig mellom anna i syn på kyrkja som institusjon. Bruun nærde skepsis til statskyrkja og til Grundtvigs variant av denne, den nasjonale folkekyrkja. På den andre sida tok Bruun avstand frå Grundtvigs motstandarar på ei anna fløy, nemleg pietistane. Den personlege, inadvende vekkingskristendomen var ikkje noko for Bruun. For han var det ei kristenplikt å engasjere seg fullt og heilt, vegleidd av sine kristne ideal, innan også det verdslege samfunns- og kulturlivet. Men Bruun delte med dei fleste pietistane ei streng puritansk uinnstilling til levesett, og mellom anna med ei bokstaveleg forståing av helveteslæra. Slik sett skilde han seg også frå Grundtvigs ”lyse og glade” kristendom (”menneske først, kristen så”).


Politikken

”Norges gjenfødelse” som nasjon var det fremste målet for Bruuns politiske verksemd, og som gjord at han naturleg sokna til venstre og ikkje det embets- og urbant eliteorienterte høgre. Viktigaste føresetnaden for nasjonens nyvakning var å trekkje den fremste beraren av den genuine folkeånd, bondestanden, inn i styre og stell. Om det nye, folkelege danningsprogrammet vart realisert, kunne bøndene godt trå inn i stillingar som dommarar, prestar osv., utan at dei hadde den konvensjonelle, ”unorske” embetsutdanninga bak seg.

Allereie i Folkelige Grundtanker (1878) gav Bruun bod om at det ville vere ønskjeleg med eit parti som korkje skulle dele høgres ”bureaukratiske” eller hadde ”vort venstres parlamentariske tilbøieligheder”, men som kunne arbeide for bondestandens utvikling. Det skulle vere eit mellomparti som støtta venstre i å innskrenke embetsstandens makt og høgre i å oppretthalde kongedømet. (Folkelige Grundtanker 166)

Det partiet som Bruun stifta i 1993, Centrum, realiserte denne tanken. Det er blitt karakterisert som eit parti for større gardbrukarar på Austlandet og i Trøndelag. Partiet var proteksjonistisk (for korntoll) og uttrykte skepsis til urbanisering og den aukande kulturelle og politiske innverknaden frå industrien og industriarbeidarklassen. Men Bruuns nære kontakt med arbeidarklassen i hans eigen kyrkjelyd fekk han personleg etter kvart til å søkje eit visst samarbeid med arbeidarrørsla. Han deltok på sosialistiske møte, der særleg likskapstanken appellerte til han.

Bruuns motstanden mot republikanismen og parlamentarisme toppa seg i hans protest mot unionsoppløysinga, eller i det minste mot måten den skjedde på.


Kjønn og menneskesyn