Christopher Munthe: Forskjell mellom sideversjoner
Lars Holden (samtale | bidrag) Ingen redigeringsforklaring |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 34: | Linje 34: | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[ | [[Kategori:Luster kommune]] | ||
[[Kategori:Prester]] | [[Kategori:Prester]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1688]] | [[Kategori:Fødsler i 1688]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1754]] | [[Kategori:Dødsfall i 1754]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 15. nov. 2023 kl. 21:46
Christopher Munthe (fødd 1688 i Vik, død 14. april 1754 i Hafslo) var sokneprest og jordeigar. Han var son av prestedottera Karen Leganger og sokneprest Ludvig Munthe (1657-1708) i Vik i Sogn og Fjordane.
Etter teologisk embetseksamen vart Munthe 1713 personleg kapellan i Hafslo i Sogn og Fjordane. 24. mars 1721 vart han utnemnt til sokneprest etter å ha selt eigedomane sine til Årdal koparverk.
I naboprestekallet Jostedalen var det jamleg vakansar mellom 1731 og 1742, og Munthe er iallfall registrert som vikarprest der i 1738.
Munthe var ein særs rik mann og ein stor jordeigar, og han åtte gardar og gardpartar over heile indre og tildels ytre Sogn. Mest åtte han i Hafslo og Luster prestegjeld, og han hadde arva alle gardar i Jostedalen så nær som to etter mor si. I tida si som jordeigar i Jostedalen selde han ingen av gardane (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800). I 1724 kjøpte han alle fem kyrkjene med tilhøyrande kyrkjegods i Hafslo prestegjeld på auksjon.
Christopher Munthe og kona Christine Ørbech (ca 1690-1741) fekk 10 born, mellom anna:
- Margrethe Munthe (1716-1773)
- Ludvig Munthe (1717-1785), proprietær, Årøy i Sogndal
- Jens Munthe (1719-1813), kapellan i Luster
- Gerhard Munthe (1726-1785), kaptein, Ytre Kroken i Hafslo
- Anne Munthe (1728-1794), Halsnøy
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 21-22. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
- Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593-1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 233. (Digital utgåve)
Eksterne lenker
Forgjengar: Rasmus Wibye |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Hans Grøn |