David Glick (1907–1943): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:
'''[[David Glick (1907–1943)|David Glick]]''' (fødd [[4. oktober]] [[1907]] i [[Trondheim]], død [[23. januar]] [[1943]] i [[Auschwitz]]) var transportarbeidar på [[Sunndalsøra]]. Då han var jøde vart han deportert til [[konsentrasjonsleir]] i 1942, og vart drepen i dødsleiren Auschwitz.

Han var son av [[Elias Glick (f. 1876)|Elias Glick]] (f. 1876) og [[Jenny Glick (1874–1942)|Jenny Glick]] f. Wolf (1874–1942). Faren var frå Russland, medan mora var fødd i Tyskland. I [[folketeljinga 1910]] finn vi mora, faren og to eldre sysken i [[Mellomveien (Trondheim)|Mellomveien]] 8 i Trondheim. Faren var handelsmann.<ref>{{folketelling|pf01036806053396|David Glick|1910|Trondheim kjøpstad|nn}}.</ref>
Han var son av [[Elias Glick (f. 1876)|Elias Glick]] (f. 1876) og [[Jenny Glick (1874–1942)|Jenny Glick]] f. Wolf (1874–1942). Faren var frå Russland, medan mora var fødd i Tyskland. I [[folketeljinga 1910]] finn vi mora, faren og to eldre sysken i [[Mellomveien (Trondheim)|Mellomveien]] 8 i Trondheim. Faren var handelsmann.<ref>{{folketelling|pf01036806053396|David Glick|1910|Trondheim kjøpstad|nn}}.</ref> Ei eldre syster, [[Anna Matulsky (1897–1942)|Anna Matulsky]] vart også drepen i Auschwitz. David hadde òg ein eldre bror, [[Israel Glick (1902–1919)|Israel Glick]] som døydde ung.

Glick skal ha kome til Sunndalsøra i 1941, og var transportarbeidar der då han den 27. oktober 1942 vart arrestert i samband med [[jødeaksjonen]]. Han vart etter eit opphald på [[Bredtveit fengsel]] den 26. november 1942 sendt med [[D/S «Donau»]], og endte som nemnd sitt liv i Auschwitz. I ''Våre falne'' står det at liket av Glick vart funne i [[Falstad fangeleir|Falstadskogen]],<ref>{{Våre falne 1|698}}.</ref> men dette må vere ei samanblanding med [[Kalman Glick]] som vart avretta der. Boka vart skriven kort tid etter krigen, medan det framleis var mykje som var uklart kring skjebnen til dei norske jødane.  

Sideversjonen fra 21. nov. 2016 kl. 10:27

David Glick, frå Våre falne.
Glick vaks opp i Mellomveien 8, i husrekka til venstre på biletet.
Foto: Ukjent / Nasjonalbiblioteket

David Glick (fødd 4. oktober 1907 i Trondheim, død 23. januar 1943 i Auschwitz) var transportarbeidar på Sunndalsøra. Då han var jøde vart han deportert til konsentrasjonsleir i 1942, og vart drepen i dødsleiren Auschwitz.

Han var son av Elias Glick (f. 1876) og Jenny Glick f. Wolf (1874–1942). Faren var frå Russland, medan mora var fødd i Tyskland. I folketeljinga 1910 finn vi mora, faren og to eldre sysken i Mellomveien 8 i Trondheim. Faren var handelsmann.[1] Ei eldre syster, Anna Matulsky vart også drepen i Auschwitz. David hadde òg ein eldre bror, Israel Glick som døydde ung.

Glick skal ha kome til Sunndalsøra i 1941, og var transportarbeidar der då han den 27. oktober 1942 vart arrestert i samband med jødeaksjonen. Han vart etter eit opphald på Bredtveit fengsel den 26. november 1942 sendt med D/S «Donau», og endte som nemnd sitt liv i Auschwitz. I Våre falne står det at liket av Glick vart funne i Falstadskogen,[2] men dette må vere ei samanblanding med Kalman Glick som vart avretta der. Boka vart skriven kort tid etter krigen, medan det framleis var mykje som var uklart kring skjebnen til dei norske jødane.

Mora vart også drepen i konsentrasjonsleir eller under transport. Faren ser ut til å ha gått bort føre krigen, for i Våre falne er Jenny Glick oppført som enke, busett i Oslo.[3]

Det har blitt arbeida for å få på plass ein snublestein til minne om Glick i Sunndalsøra. Per november 2016 ville ikkje kommunestyret støtte dette, då han var frå Trondheim, og berre budde ein kortare tid på Sunndalsøra. Dette sjølv om snublesteinane leggjast helst ned der personen budde eller arbeida då han eller ho vart arrestert.

Referansar

  1. David Glick i folketeljinga 1910 for Trondheim kjøpstad frå Digitalarkivet.
  2. Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1, s. 698 Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1, s. 699 Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder