Edvard Drabløs

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. mai 2013 kl. 17:57 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Edvard Drabløs'''(1883-1976) var ein norsk skodespelar, fødd på Dravlaus i Velledalen. Foreldra var Jens Helgesen Drabløs (1856–1925) og Olave Velle (1852–1917). Edvard Dr...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Edvard Drabløs(1883-1976) var ein norsk skodespelar, fødd på Dravlaus i Velledalen. Foreldra var Jens Helgesen Drabløs (1856–1925) og Olave Velle (1852–1917). Edvard Drabløs vart i 1920 gift med Astrid Peersen (1895–1979).

Edvard Drabløs var i nesten heile si karriere ein av hovudkreftene ved Det Norske Teatret, som han hadde vore med å grunnlegge. Som skodespelar skapte han eit rikt typegalleri, ikkje minst som Holberg-tolkar.

Edvard Drabløs var eldst av fire brør og odelsgutt til Barbro-garden på Dravlaus i Velledalen. Faren var haugianar og borna lærte tidleg verdien av måtehald. Heimen var likevel open for både politiske og kunstnarlege straumingar. Alle borna spelte fele og fekk utfalde seg med dei talenta dei hadde.

Etter barneskule og framhaldsskule byrja Drabløs på Møre folkehøgskule i Ørsta, der han møtte den nynorske kulturen i si fulle breidde. Dette vart avgjerande for hans store engasjement i målsaka. Heime i Velledalen øvde ungdomslaget inn stykke på nynorsk, og Edvard og sonen til læraren øvde inn Handes «Ei hugvending.» 17 år gamal debuterte han som 70-åringen Gunnar. Like etter sette han opp Ivar Aasens Ervingen.

For å kunne løyse inn odelen måtte han ha penger. Han skaffa seg eit agentur for Singer symaskiner, og selde symaskiner i tre år i Ålesund, før han reiste til Kristiania for å gå på Treiders handelskule. I Kristiania kom han snart inn i norskdomsmiljøet. I Bondeungdomslaget vart han kjent med Hulda Garborg og Rasmus Steinsvik. Då Hulda Garborg skulle reise på turné i 1919 med Det norske spellaget, vart Drabløs med som skodespelar. Sidan han hadde handelsutdanning, fungerte han også som reklameansvarleg og reiseleiar. Drabløs var initiativtaker til L/L Det Norske Teatret, som starta 22. november 1912. Det var byrjinga på Det Norske Teatret, eit teater Drabløs var trufast mot heile livet.

I 1915 tok Drabløs over som teatersjef etter Rasmus Rasmussen. Han byrja si leiartid med Ivar Mortensson Egnunds Varg i Veum. Så kom Sven Morens Vårflaumen, Vilhelm Krags Jomfru Trufast og Den meinsvorne av Ludwig Anzengruber. Stykka hadde liten suksess, og 14 dagar etter premiera på Den meinsvorne slutta Drabløs som teatersjef, lånte 200 kroner av Arne Garborg og reiste til Stockholm og København for å studere teater. Ved sida av studia dreiv han farsgarden i Velledalen i fem år. Det vart ei slitsom pendling mellom teateret og bygda. Etter eit kort mellomspel ved Fahlstrøms Friluftsteater, drog han ut med sitt eige teater, Den norske turné, seinare Drabløs Teater. I fem år, fra 1920 til 1925, reiste han rundt i heile landet, med over tusen framsyningar. I denne tida presenterte han ei rekkje forfattarar: Peder Egge, Ludvig Holberg, Bjørnstjerne Bjørnson, Johan Bojer, Roger Martin du Gard, Sven Moren, Jens Tvedt, Nils Collett Vogt og Johan Falkberget. Ei rekkje skodespelarar fekk sin debut på Drabløs Teater, bl.a. Dagmar Myhrvold, Tordis Maurstad, Finn Bernhoft og Olafr Havrevold. Ved siden av at han reiste rundt i heile Norge, reiste Drabløs også til Amerika og spelte Jeppe på berget i New York og Chicago.

Ved sida av å vere ein sikker tolkar av Holberg sine tekstar var Edvard Drabløs også ein fin tolkar av russisk litteratur, m.a. som godseigaren Teljegin i Morbror Vanja av Tsjekhov (1930), regimentslegen i Tre systrer (1941) og den gamle tenar Firs i Kirsebærhagen (1949). Det var nok dei norske forfattarane som stod han nærast, Holberg først og fremst, men også Oscar Braaten og Arne Garborg. Hans siste sceneoppgåve var rolla som Kristen i Bleikeplassen av Tarjei Vesaas (1963). Stykket vart også spelt i Fjernsynsteatret i 1965.

Drabløs vart igjen sjef for Det Norske Teatret i åra 1950–51 og hadde flere regioppgåver for teateret, bl.a. Arne Garborgs Læraren (1943, 1948 og 1951), Holbergs Det lykkelige skibbrudd (1942 og 1946) og Erasmus Montanus (1947). Drabløs spelte også i ei rekkje filmar, m.a. Fante-Anne (1920), Jomfru Trofast (1921), Bør Børson jr. (1938), Gjest Baardsen (1939), Tørres Snørtevold (1940), Trysil-Knut (1942), To mistenkelige personer (1950), Vi gifter oss (1951) og Ni liv (1957). Hans siste film var Arthur Millers Smeltedigelen, gjort for Fjernsynsteatret 1965.

Drabløs var æresmedlem i Norsk skuespillerforbund, fekk Statens kunstnarløn frå 1959 og vart riddar av St. Olavs Orden i 1953.

Kjelder:

  • Arthur Klæbo: Edvard Drabløs. Et liv på teatret. Oslo 1967.
  • Store Norske Leksikon på nett.