Elen Loftesnes (1905–1979)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jun. 2018 kl. 15:24 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (utviding)
Hopp til navigering Hopp til søk

Elen Loftesnes (fødd 9. januar 1905 i Sogndalsfjøra, død samme stad 2. desember 1979) var fotograf i Sogndal frå ca. 1930 til 1965.

Foreldra var skomakar Ola Olsson Loftesnes[1] (1868-1944, med kallenamnet «Tang-Ola») og Eli Jakopsdotter Loftesnes[2] (1873-1952). Elen hadde sju søsken, men berre fem av dei levde opp. Ho overtok eigedomen Solheim[3] etter foreldra, og truleg var det her ho hadde atelier og fotobutikk.

Loftesnes annonserte i lokale og regionale aviser, iallfall mellom 1932 og 1955. I ei annonse frå 1932 står det å lese: "Fotografering, fremkalling og kopiering. Min utdannelse og praksis garanterer fagmessig utførelse. Rimelige priser".[4]

Arkivet etter Elen Loftesnes

Då Dagfinn Loftesnes, drivar av Loftesnes pensjonat (ikkje i slekt med Elen), kjøpte bygningen der Elen hadde hatt atelieret sitt, fann han fotomateriale etter henne på loftet.[5] Negativ og positiv vart avlevert til Sogn og Fjordane fylkesarkiv i 1988. Materialet, som utgjer ca. 2,4 hyllemeter, er ikkje ordna (2018), men stikkprøver tyder på at mesteparten av materialet er frå 1950-talet. Dessutan at ho både dreiv med portrettfotografering i atelier og at ho produserte postkort med motiv frå Sogndalsområdet.

Fotografi av Elen Loftesnes

Fotnote

  1. Ole O. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  2. Eli J. Loftesnæs i folketelling 1910 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  3. Eigedomen ser ut til å ha inkludert både gnr. 18, bnr. 66 og gnr. 17, bnr. 32.
  4. Annonse i Sogningen 28. oktober 1932.
  5. Munnlege opplysningar frå Britt Marie Norheim (syster til Dagfinn Loftesnes) til Elin Storøstevik.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Elen Loftesnes (1905–1979) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.