Elias Melvær

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden MelværBulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane.

Skulegang og yrkesliv

Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjøllesdal i Davik i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.

I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Han slutta etter 24 år som andrelærar då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900 og vart no damskipsekspeditør i Florø for Nordre Bergenhus amts dampskipsselskab. Han var òg gardbrukar attåt skulearbeidet.

Målsaka

Stord seminar møtte Melvær andre elvar som var opptekne av målsaka. Det stod sist i 1860-åra strid om det nye reglementet for seminara som presiserte at seminarelevane skulle snakka det dansk-norske bokmålet, ikkje berre skriva det. Arbeidet for målsaka kom til å prega resten av livet til Melvær.

Han var ein av dei aller fyrste som arbeidde for målsaka i Sogn og Fjordane, og han skal ha skipa eit mållag i Kjøllesdalen medan han var lærar der kring 1870. Han melde seg inn i Vestmannalaget på same tida, og sommaren 1872 var han ein av tre fyrste bokseljarane som Vestmannalaget sende rundt. Melvær vitja Sunnfjord og slo fast at folk «hadde inkje høyrt nokot gjetet Maalsaki fyrr».

I Sogn var det eit målmiljø kring Sogndal folkehøgskule frå 1874-75 då Henrik Mohn Dahl kom til skulen, men i Fjordane var Melvær meir åleine. Kring 1880 gav han amtsskuleelevane tilbod om friviljug og gratis opplæring i landsmål på kveldstid, men skulestyraren nekta han dette. Melvær søkte amtsskulekommisjonen om lov i juni 1881, og spørsmålet førte til ein større strid i amtsskulekommisjonen og amtstinget.

Melvær fekk til slutt lov til å gje landsmålsopplæring, men det vart strid kring Melvær, og det enda med at Gloppen kommune i 1886 trekte tilbake lovnaden om gratis hus for amtsskulen, som dermed flytte til Innvik.

Radikal venstremann

Melvær engasjerte seg òg politisk. Han var medlem av bystyret i Florø 1874-76, formann i Nordfjord lærarlag 1876-92 og fleire år formann i Firda og Sygnafylki folkevæbningssamlag. I 1873 gjorde han som 25-åring eid til grunnlova og fekk røysterett som brukar av ein gard på Hindøy. I Nordfjord måtte han derimot gjera seg til myrmann for å få røysterett, og han bygsla ein jordflekk i Eid til dette føremålet.

Han fekk godkjend bygselbrevet på sommartinget i Gloppen 1882 og vart innførd i manntalet. Dette var midt oppe i striden kring Melvær om amtsskulen, og på distriktsforsamlinga i Førde 9. september vart han vald til fyrste varamann til Stortinget for Nordre Bergenhus amt. Futen prøvde etter dette å få underkjend røysteretten og dermed varamannsplassen til Melvær, men gav seg etter noko brevveksling.

Melvær kom dermed til å møta på Stortinget på 1885-sesjonen sidan Jakob Sverdrup hadde vorte statsråd året før. Melvær var såleis både ein av dei 41 tingmennene som gjorde framlegg om jamstellingsvedtaket mellom landsmålet og bokmålet, og han var aktivt med i dei omfattande språkdebattane i Stortinget våren 1885. Han var 30. april den fyrste som fekk referert eit innlegg i Stortinget på landsmål i Stortingstidende i debatten om løyvingar til landsmålskurs for lærarar. Han hadde sjølv omsett referatet til landsmål.

Melvær plasserte seg klart på venstrefløya i Venstre, til skilnad frå dei andre stortingsrepresentantane frå Nordre Bergenhus som i 1888 gjekk over i Moderate Venstre. Den "reine" venstremannen Melvær kom difor ikkje inn på Stortinget att, ut over at han var 5. vararepresentant 1886-88.

Seinare målarbeid

I 1899 var Melvær fyrste formann og initiativtakar til Firda mållag. Han stod nok òg bak eit opprop for målsaka i Nordfjord og Sunnfjord 1899. Melvær var mykje nytta som stemnetalar og føredragshaldar. Frå 1900 til kring 1920 var han stadig ute på talarferder også utanfor fylket. I 1900 heldt han 23 føredrag om målsaka, og i 1905 37 føredrag om Blix-salmane på ei føredragsferd. I 1915 var han tre månader i Troms. Siste tala heldt han på 25-årsstemna til Firda mållag i Florø 3. august 1924.

Han var djupt religiøs og skreiv ein «Jolasalme» (1879).

Familie

Han gifte seg i 1872 med Karen Thomasdotter Hindøy, dotter av gardbrukar Thomas Knutson Hindøy og Rakel Pedersdotter Hellarsøy. Dei fekk fem søner og to døtrer, men Karen døydde alt i 1892.

Kjelder og litteratur