Engebret Hole: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: <onlyinclude>'''Engebret Hole''' (fødd 27. august 1885Søre Avdemshaugen i Lesja, død 27. november 1942 på Aukra. ==Ungdo...)
 
(lenkje)
 
(14 mellomliggende versjoner av 6 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Engebret Hole]]''' (fødd [[27. august]] [[1885]] på [[Søre Avdemshaugen (Lesja)|Søre Avdemshaugen]] i [[Lesja]], død [[27. november]] [[1942]] på Aukra.  
<onlyinclude>{{thumb|Avdemsbue.JPG|[[Avdemsbue]] på Lesja, som far til Engebret Hole bygde i 1878.|[[Arnfinn Kjelland]]|2011}}
 
'''[[Engebret Hole]]''' (fødd [[27. august]] [[1885]] på [[Søre Avdemshaugen (Lesja)|Søre Avdemshaugen]] i [[Lesja]], død [[27. november]] [[1942]] på [[Aukra kommune|Aukra]]) var lensmann i [[Sund lensmannsdistrikt]].  
==Ungdomstid==
<noinclude>
==Ungdomstid==</noinclude>
Ein onkel til Engebret, Hans J. Hole (1850-1910) var i 1900 amtskasserar i [[Bergen]]. Han og kona Marie var barnlause, og dei inviterte Engebret til byen og kosta på han utdanning: middelskule, handelsskule, landsgymnas og befalsskule. Hans arbeidde som assistent hos onkelen. </onlyinclude>

Engebret var òg idrettsmann, han dreiv med konkurranseskyting og som aktiv fotballspelar, der han var med på stiftinga av [[Sportsklubben Brann]] i 1908. Vidare fotballspel vart stoppa av skade, noko som òg fritok han frå vidare militærteneste.

I 1912 gifta han seg med Ragnhild Kloster (1881-1923), og kort tid etter søkte han og fekk stilling som fullmektig på fogderikontoret i [[Molde]]. Men han vart ikkje der lenge. [[Sund og Vågsøy lensmannsdistrikt]] vart delt og han søkte og fekk stilling som den første lensmannen i [[Sund lensmannsdistrikt]], dit han og kona flytte ved årsskiftet 1914-15.
I 1912 gifta han seg med Ragnhild Kloster (1881-1923), og kort tid etter søkte han og fekk stilling som fullmektig på fogderikontoret i [[Molde]]. Men han vart ikkje der lenge. [[Sund og Vågøy lensmannsdistrikt]] vart delt og han søkte og fekk stilling som den første lensmannen i [[Sund lensmannsdistrikt]], dit han og kona flytte ved årsskiftet 1914-15.

==Hus, heim og familie==
==Hus, heim og familie==
Linje 22: Linje 23:
Han megla heller fram fred mellom bygdefok som var usamde, heller enn at dei måtte møtast i retten for konfliktløysing.
Han megla heller fram fred mellom bygdefok som var usamde, heller enn at dei måtte møtast i retten for konfliktløysing.

Hole hadde òg tillitsverv som formann for [[Noregs lensmannslag]] og redaktør for [[Lensmannsbladet]].
Hole hadde òg tillitsverv som formann for [[Noregs lensmannslag]] og redaktør for [[Lensmannsbladet]] frå 1921 til 1926.

Den mest dramatiske aksjonen han var involvert i som lensmann var da han i 1923, under [[forbodstida]], arresterte storsmuglaren [[Arthur Omre]]. Omre (Antonisen) var på flukt etter å ha rømt frå fengselsdom i Trondheim og prøvde å kjøpe ein gard i distriktet. Hole hadde akkurat fått etterlysninga gjennom [[Polititidende]] og kjende att Omre, varsla politimeisteren i Molde og fekk smuglaren med seg til dit der han vart sett fast.

Etter krigsutbrotet i 1940 deltok Hole aktivt i arbeidet med å sende jødar med båt frå [[Gossa (Aukra)|Gossa]], og han forhindra etterforsking av illegalt arbeid den første krigsvinteren. I august 1941 vart han avsett av okkupasjonsmakta, som rekna han for ein trussel.

Linje 38: Linje 39:
* [[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1987: ''[[Bygdebok for Lesja]] bd. 1. Gards- og slektshistorie for Nørdre del av Lesja hovudsokn'' s. 555f og 660.
* [[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1987: ''[[Bygdebok for Lesja]] bd. 1. Gards- og slektshistorie for Nørdre del av Lesja hovudsokn'' s. 555f og 660.
* Skarsbø, Sven Erik 2008/2009: Lensmann Hole gjer storfangs i forbodstida. I ''Aukra gjennom tidene'' s. 9–15.
* Skarsbø, Sven Erik 2008/2009: Lensmann Hole gjer storfangs i forbodstida. I ''Aukra gjennom tidene'' s. 9–15.
* Winstad, Asbjørn 2011: Engebret Hole – den første lensmannen i Sund. I ''Aukra gjennom tidene'' s. 43–54.  
* Winstad, Asbjørn 2011: Engebret Hole – den første lensmannen i Sund. I ''Aukra gjennom tidene'' s. 43–54.
* [https://media.digitalarkivet.no/kb20060726060378 Engebrets dåp 27. september 1885, nr. 45, høgre side].
* [http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5034&idx_id=5034&uid=ny&idx_side=-79 Engebrets konfirmasjon 7. november 1900, nr. 6.]
* [http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037078001485 Engebret heime i Lesja i 1900.]
* [http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037078001485 Engebret heime i Lesja i 1900.]
* [http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036747001153 Engebret i Molde i 1910.]
* [http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036747001153 Engebret i Molde i 1910.]
* [http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=3927927 Foto av gravstaden til Margit og Engebret Hole] på Molde Nedre gravplass i Molde. Foto: Odd Fremstedal.
* [http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=3927927 Foto av gravstaden til Margit og Engebret Hole] på Molde Nedre gravplass i Molde. Foto: Odd Fremstedal.
* {{hbr1-1|pf01036747001153|Engebret Hole}}.

{{DEFAULTSORT: Hole, Engebret}}
{{DEFAULTSORT:Hole, Engebret}}
[[Kategori: Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori: Lensmenn]]
[[Kategori:Lensmenn]]
[[Kategori: Aukra kommune]]
[[Kategori:Redaktører]]
[[Kategori: Lesja kommune]]
[[Kategori:Lokalpolitikere]]
[[Kategori: Fødsler i 1885]]
[[Kategori:Aukra kommune]]
[[Kategori: Dødsfall i 1942]]
[[Kategori:Lesja kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1885]]
[[Kategori:Dødsfall i 1942]]
{{F1}}
{{F1}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 22. feb. 2024 kl. 10:08

Avdemsbue på Lesja, som far til Engebret Hole bygde i 1878.
Foto: Arnfinn Kjelland (2011).

Engebret Hole (fødd 27. august 1885Søre Avdemshaugen i Lesja, død 27. november 1942Aukra) var lensmann i Sund lensmannsdistrikt.

Ungdomstid

Ein onkel til Engebret, Hans J. Hole (1850-1910) var i 1900 amtskasserar i Bergen. Han og kona Marie var barnlause, og dei inviterte Engebret til byen og kosta på han utdanning: middelskule, handelsskule, landsgymnas og befalsskule. Hans arbeidde som assistent hos onkelen.

Engebret var òg idrettsmann, han dreiv med konkurranseskyting og som aktiv fotballspelar, der han var med på stiftinga av Sportsklubben Brann i 1908. Vidare fotballspel vart stoppa av skade, noko som òg fritok han frå vidare militærteneste.

I 1912 gifta han seg med Ragnhild Kloster (1881-1923), og kort tid etter søkte han og fekk stilling som fullmektig på fogderikontoret i Molde. Men han vart ikkje der lenge. Sund og Vågøy lensmannsdistrikt vart delt og han søkte og fekk stilling som den første lensmannen i Sund lensmannsdistrikt, dit han og kona flytte ved årsskiftet 1914-15.

Hus, heim og familie

Dei første åra budde ekteparet i andre etasje i butikken til Johan Solemdal, til dei fekk bygsle tomt under prestegarden og bygde hus i 1918. I første etasje hadde Hole lensmannskontor. Han bygde eige naust og eiga løe med stall for hest i 1920, og eiga elektrisitetsforsyning med petroleumsmotor og batteri i 1923/1924.

Seinare sette han opp ei stor bryggje på tre etasjar på Lyngværet, Holebryggja. Ho vart seld til Molde kommune.

I 1923 døydde kona Ragnhild. Dei hadde ikkje barn. Året etter gifta Engebret seg opp att med Margit Johanne Johansen frå Molde (1888-1971). Dei fekk ein son.

Hausten 1941, kort tid etter dei tyske okkupantane avsette han frå lensmannsstillinga, fekk Hole hjerneslag. Han vart sengeliggande og trong pleie i 15 månader før han døydde seinhaustes 1942.

Lensmannen

Hole var ein svært engasjert og aktiv lensmann. Han var vegoppsynsmann med ansvar for vegutbygging og engasjement av arbeidsfolk til kommunale vegprosjekt. Han var ansvarleg for Norges Brannkasse og han kjøpte sjølv inn båtar som vert nytta til tenestereiser for distriktslege og han sjølv eller en betjent til øyane i distriktet.

Han megla heller fram fred mellom bygdefok som var usamde, heller enn at dei måtte møtast i retten for konfliktløysing.

Hole hadde òg tillitsverv som formann for Noregs lensmannslag og redaktør for Lensmannsbladet frå 1921 til 1926.

Den mest dramatiske aksjonen han var involvert i som lensmann var da han i 1923, under forbodstida, arresterte storsmuglaren Arthur Omre. Omre (Antonisen) var på flukt etter å ha rømt frå fengselsdom i Trondheim og prøvde å kjøpe ein gard i distriktet. Hole hadde akkurat fått etterlysninga gjennom Polititidende og kjende att Omre, varsla politimeisteren i Molde og fekk smuglaren med seg til dit der han vart sett fast.

Etter krigsutbrotet i 1940 deltok Hole aktivt i arbeidet med å sende jødar med båt frå Gossa, og han forhindra etterforsking av illegalt arbeid den første krigsvinteren. I august 1941 vart han avsett av okkupasjonsmakta, som rekna han for ein trussel.

Tillitsverv

Engebret Hole vart mykje brukt i andre tillitsbaserte funksjonar. Han sat i kommunestyret for Nord-Aukra kommune frå 1926 til 1931 og var med i den kommunale elektrisitetsnemna. Straumforsyning til distriktet var elles ei viktig sak for han, og han vart den første formannen i Aukra kraftlag. I 1936 fekk han overtala Tafjord kraftlag til å bygge luftspenn frå Miøya til Midsund.

Han var med på stiftinga av Romsdals Fellesbank i 1927 og sat lenge i bankstyret.

Hole var frimurar i losjen i Molde og steig til den 9. graden, Himmelstigen.

Kjelder