Ernst Berge Drange: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Ernst Berge Drange''' (f. 1954) er magister i etnologi og tilsett som førstekonservator ved Ryfylkemuseet. Han har skrive ei lang rekkje bygdebøker, forutan andre publikasjonar....) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 5: | Linje 5: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1954]] | [[Kategori:Fødsler i 1954]] | ||
[Kategori: Personer]] | [[Kategori: Personer]] | ||
[[Kategori: Tysnes kommune]] | [[Kategori: Tysnes kommune]] | ||
[[Kategori: Lokalhistorikere]] | [[Kategori: Lokalhistorikere]] | ||
[[Kategori: Etnologer]] | [[Kategori: Etnologer]] |
Sideversjonen fra 20. sep. 2014 kl. 15:49
Ernst Berge Drange (f. 1954) er magister i etnologi og tilsett som førstekonservator ved Ryfylkemuseet. Han har skrive ei lang rekkje bygdebøker, forutan andre publikasjonar. Særleg kan nemnast magistergradsavhandlinga hans om husmannsskipnaden i Tysnes, som var eit pionerarbeid som flytta tidspunktet for plass-skipnaden på Sørvestlandet til byrjinga av 1600-talet. Frå 1977 var han knytt til Tysnes Sogelag i Sunnhordland, som på det tidspunktet gjekk i gong med innsamling av materiale til ei gards- og ættesoge for Tysnes. Drange gjorde eit stort arbeid med innsamling av munnlege tradisjonar frå kommunen før han tok til med sjølve skrivinga av bygdebøkene, som kom i fire band i åra 1986–1991. Seinare har han også skrive fleire band med lokalhistorie frå Suldal kommune i Ryfylke. Eit særmerke for Drange er at han i stor grad har nytta munnlege former i gardsnamn og stadnamn og ofte heldt på lokalkoloritten i form av dialekt. I samband med hundreårsmarkeringa for diktaren og barnebokforfattaren Rasmus Løland fekk Drange i oppdrag å skriva ein biografi, som vart gjeve ut på Det Norske Samlaget under tittelen "Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke", ei bok som ikkje minst gjev eit djupt innsyn i Løland sitt oppvekstmiljø i Ryfylke.