Ernst Berge Drange: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «[[Kategori: » til «[[Kategori:») |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 5: | Linje 5: | ||
==Eksterne lenker== | ==Eksterne lenker== | ||
*[http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=87&id=1167&app_type=iphone Biografisk artikkel på Allkunne.no] | *[http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=87&id=1167&app_type=iphone Biografisk artikkel på Allkunne.no] | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori:Lokalhistorikere]] | [[Kategori:Lokalhistorikere]] | ||
[[Kategori:Etnologer]] | |||
[[Kategori:Konservatorer]] | [[Kategori:Konservatorer]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Tysnes kommune]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1954]] | |||
{{nn}} | {{nn}} | ||
{{DEFAULTSORT:Drange, Ernst_Berge}} |
Sideversjonen fra 11. mar. 2024 kl. 10:18
Ernst Berge Drange (fødd 1954) er magister i etnologi og tilsett som førstekonservator ved Ryfylkemuseet. Han har skrive ei lang rekkje bygdebøker, forutan andre publikasjonar. Særleg kan nemnast magistergradsavhandlinga hans om husmannsskipnaden i Tysnes, som var eit pionerarbeid som flytta tidspunktet for plasskipnaden på Sørvestlandet til byrjinga av 1600-talet. Frå 1977 var han knytt til Tysnes Sogelag i Sunnhordland, som på det tidspunktet gjekk i gong med innsamling av materiale til ei gards- og ættesoge for Tysnes. Drange gjorde eit stort arbeid med innsamling av munnlege tradisjonar frå kommunen før han tok til med sjølve skrivinga av bygdebøkene, som kom i fire band i åra 1986–1991. Seinare har han også skrive fleire band med lokalhistorie frå Suldal kommune i Ryfylke.
Eit særmerke for Drange er at han i stor grad har nytta munnlege former i gardsnamn og stadnamn og ofte heldt på lokalkoloritten i form av dialekt. I samband med hundreårsmarkeringa for diktaren og barnebokforfattaren Rasmus Løland fekk Drange i oppdrag å skriva ein biografi, som vart gjeve ut på Det Norske Samlaget under tittelen Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke, ei bok som ikkje minst gjev eit djupt innsyn i Løland sitt oppvekstmiljø i Ryfylke.