Fesjået på Mogen i Høydalsmo

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. aug. 2019 kl. 11:22 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: miniatyr|Frå fesjået på Mogen truleg kring 1890. {{byline| [[Olaf O. Rogndal / Vest-Telemark Museum.}}]] '''Fesjået på Mogen i Høydalsmo|Fesjået på…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå fesjået på Mogen truleg kring 1890.

Fesjået på Mogen blei arrangert i Høydalsmo i Tokke kommune frå 1876. Fesjået blei avvikla kring 1970.

Historikk

Det fyrste fesjået på Mogen i Høydalsmo blei arrangert i 1876. Dette var opptakten til eit årleg fesjå og handelsmøte som kom til å vare nesten hundre år fram i tid. «Paa Mogen her i Høydalsmo fær me eit Fesjaa den 16de September i Haust. I fjor var her au; men me hadde liti Von um aa faa Fesjaa i Aar atter», skreiv ein brevsendar til avisa Fedraheimen i 1878.[1] Innsendaren gav fylkesagronom Jakobsen den største æra for at fesjået vart ein realitet. Fylkesagronomen hadde visstnok rosa kreatura som blei vist fram på Mogen i ei tale han hadde heldt året før, og var svært entusiastisk for gjennomføringa. Frå 1879 blei det heldt "årleg kvegsjå" på Mogen. Frå 1896 kom det også fesjåplass på Dalen, og seinare veksla fesjåa mellom Dalen, Krossli og Høydalsmo.[2]

Kampen om statsfesjået

Ukjent fotograf / Olav Bakken, Lårdalsoga, Dalen, 1978,

«Me tenkjer no paa, um det ikkje skulde lata seg gjera aa faa aarleg Fesjaa her i Høydalsmo liksom i Seljord. Høydalsmo er Midpunktet fyre desse øvre Herad: Laardal, Mo, Vinje og Raudland. Kvitseid au vilde hava større Nytte av eit Fesjaa her enn av eit i Selljor,»[3] skriv innsendaren i Fedraheimen vidare. Han meinte bygdene kring Høydalsmo hadde betre kreatur enn i Seljord, og at dei slik var betre stilt for å drive feavl. Dette skulle visstnok også vere fylkesagronom Jakobsen si meining.[4]

I amtsformannskaps kom det året etter framlegg frå kommunestyra i Rauland, Vinje, Lårdal og Mo om at statsdyrskuet i Seljord burde leggjast ned til fordel for Mogen i Høydalsmo. Dersom dette ikkje gjekk igjennom ynskte dei at statsdyrskuet skulle haldast vekselsvis på Mogen, i Seljord og i Sauland.[5]

Framlegget førte ikkje fram, men ein gav likevel ikkje opp. I Fedraheimen stod dette referatet frå fesjået som blei halde i 1879:

Paa Mogjen i Telemarki var det Fesjaa den 12te September, skriv ein Brevsendar til oss. Endaa Veret var stygt, møtte det mykje Folk; 300 Kjyr var framsynte, vart det sagt.

Det var væne Dyr. 22 av desse vart funne værduge til Præmi. Fyrste Præmikui aatte Jon Aa i Høydalsmo, den andre Herbjørn Rui i Laardal, den tridje Tjostolv Aasland fraa Mo og den 4de Torbjørn Huvestad i Eidsborg. 5 Kvigur og 4 Stutar fekk Premi; fyrste Premikviga aatte Nils Heggtveit i Laardal og fyrste Premistuten høyrde til Nikuls Breidland av Høydalsmo. (Fyrste Klasses Premi var til 12., den lægste til 2 Kr.) Etterpaa heldt Agronom Jakobsen ein Tale og sagde, at det var Von til, at Staten og vilde gjeva ei Haand med litt aa stydja Fesjaai her på Mogjen; hellest totte han, at det i Aar ikkje var fullt so gilde Kyr som ifjor; men det kunde koma av den kalde og regnlege Sumaren. So kom Aslak Li fraa Rauland uppaa Talarstolen. Han talad om Kvinna, som han sagde mykje gildt um, endaa han meinte han skulde gjort det endaa betre, um det hadde voret klaarare Ver. Deretter talad Olav Sandland, nokot um Fesjaaet, og nokot um Politikken; ærleg talad han for Vidking av Røysteretten og for veksande Upplysning. Det sluttad med eit Hurra fyr «Mogjens Framtid som Fesjaaplats», og so tok Kreaturhandelen til. Det vart selt ikr. 40 Kyr, men Prisarne var laage; 14-30 Spd. var Jamnaden; 2dre Premikui vart jamvel seld fyr 32 Spd.»

[6]

Mogen si framtid som fesjåplass stod på dagsorden då ei framlegg frå amtsformannskapet blet sendt på høyring til kommunestyra i Telemark i 1884. Framlegget gjekk igjen ut på at statsbidraget burdeløyvast vekselsvis mellom forskjellige utstillingsplassar; «Det ansees heldigt, at Statsbidraget til større Dyrskuer anvendes til eet Saadant og at dette afholdes vexelvis 1 Aar paa Mogen, 1 Aar i Siljord og 1 Aar i Sauland efter Amtsformandskabets nærmere Bestemmelse,» heitte det.[7]

Blant dei sytten kommunestyra som gav uttale til saka var det berre seks som ynskte at statsdyrskuet skulle ha fast plass. Bø, Lunde, Kviteseid og Seljord gjekk inn for Seljord som fesjåstad, medan Sauherad og Holla ynskte Gvarv. Resten ville at staden skulle veksle mellom forskjellige bygder.[8]

Slik gjorde amtsformannskapet vedtak om at statsdyrskuet skulle veksle mellom Seljord, Mogen og Sauland. Men no hadde landbruksdirektøren fengje nok. Med Stortinget i ryggen fekk Seljord øyremerka statsløyving til den «Aarlege Kvægudstilling".[9]

Fesjå og marknadsdagar

Artikkel om drukkenskapen på fesjået.
Foto: Trondhjems Adresseavis, 21. september 1922.

Fesjåa i Vest-Telemark starta alltid den andre helga i september. På laurdag starta fesjået på Dalen. Deretter heldt det fram på Mogen på måndag. På tysdag og onsdag blei det heldt i Seljord.[10]

Marknadsplassen i Høydalsmo låg heile tida på Mogen, men handelen gjekk snart føre seg heilt bort til Ofteåi.[11] Hit kom det klokkeseljarar og knivmakarar, høkarar og kramkarar – alt som høyrde ein god marknad til. Det kunne gå hardt for seg når så mange folk samla seg. I 1922 meldte Trondhjems Adresseavis at ein mann var død av «overdreven nydelse av alkohol». Mannen hadde kjøpt sprit frå omreisande gaukar som seinare blei arrestert av lensmannen under dyrskuet i Seljord.[12]

Kring 1960 vart utstillinga med dyr avvikla. Dyrsku'n heldt fram som ei rein handelsmesse utan dyr nokre år etter dette. Kring 1970 blei marknaden også avvikla.

Referansar

  1. Fedraheimen, 7. september 1978
  2. Baardseth, 1956, s. 88.
  3. Fedraheimen, 7. september 1978.
  4. Fedraheimen, 7. september 1978.
  5. Bolstad, 1993, s. 308.
  6. Fedraheimen 4. oktober 1879
  7. Bolstad, 1993, s. 309.
  8. Bolstad, 1993, s. 309.
  9. Bolstad, 1993, s. 310.
  10. Bakken, 1978, s. 26.
  11. Bakken, 1978, s. 26.
  12. Trondhjems Adresseavis 21. september 1922.

Kjelder

  • Baardseth, Karsten, ‘’Telemarkfe gjennom 100 år : 1856-1956’’, Porsgrunn, Selskapet, 1956.
  • Bakken, Olav, ‘’Lårdalsoga’’, Dalen, Sogenemnda for Lårdal, 1978.
  • Bolstad, Alfred, ‘’Frå kvægudstilling til folkefest : Seljordutstillinga Dyrsku'n 125 år 1866-1991’’, Seljord : Seljordutstillinga Dyrsku'n, 1993. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Fedraheimen 7. september 1878.
  • Fedraheimen 4. oktober 1879
  • Trondhjems Adresseavis 21. september 1922.