Fesjået på Mogen i Høydalsmo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå fesjået på Mogen truleg kring 1890.

Fesjået på Mogen blei arrangert i Høydalsmo i Tokke kommune frå 1876. Fesjået blei avvikla på midten av 1950-talet, medan handelsmøtet heldt fram til omlag 1966.

Historikk

Det fyrste fesjået på Mogen i Høydalsmo blei arrangert i 1876. Dette var opptakten til eit årleg fesjå og handelsmøte som kom til å vare nesten hundre år fram i tid. «Paa Mogen her i Høydalsmo fær me eit Fesjaa den 16de September i Haust. I fjor var her au; men me hadde liti Von um aa faa Fesjaa i Aar atter», skreiv ein brevsendar til avisa Fedraheimen i 1878.[1] Innsendaren gav fylkesagronom Jakobsen den største æra for at fesjået vart ein realitet. Fylkesagronomen hadde visstnok rosa kreatura som blei vist fram på Mogen i ei tale han hadde heldt året før, og var svært entusiastisk for gjennomføringa.

Frå 1879 blei det heldt "årleg kvegsjå" på Mogen. Frå 1896 kom det også fesjåplass på Dalen, og seinare veksla fesjåa mellom Dalen, Krossli og Høydalsmo.[2]Andre laurdagen i september starta fesjået på Dalen. Deretter heldt det fram på Mogen på måndag. På tysdag og onsdag blei det heldt i Seljord.[3] Det var handelsmøte på Mogen kvar haust, men fesjå var det berre kvart fjerde år.[4]

Mogen var ein naturleg stad å legge eit fesjå på slutten av 1800-talet. Skysstasjonen i Høydalsmo blei flytta frå Breiland til Mogen på midten av 1800-talet, og ferdsla langs vegane var aukande. Her blei det starta landhandel og overnattingsverksemd. Vertinne Rannei Mogen opna Hotel Mogen eller Rannei Mogens Hotel som det stod på vinkartet frå hotellet. I 1902 blei også telefonsentralen lagt hit, og låg her fram til 1915 då den blei flytt til Landgård.[5]

Kamp om statsfesjået

Frå marknadsplassen på Mogen.
Foto: Ukjent fotograf / Olav Bakken, Lårdalsoga, Dalen, 1978.

«Me tenkjer no paa, um det ikkje skulde lata seg gjera aa faa aarleg Fesjaa her i Høydalsmo liksom i Seljord. Høydalsmo er Midpunktet fyre desse øvre Herad: Laardal, Mo, Vinje og Raudland. Kvitseid au vilde hava større Nytte av eit Fesjaa her enn av eit i Selljor,»[6] skriv innsendaren i Fedraheimen vidare. Han meinte bygdene kring Høydalsmo hadde betre kreatur enn i Seljord, og at dei slik var betre stilt for å drive feavl. Dette skulle visstnok også vere fylkesagronom Jakobsen si meining.[7]

I amtsformannskaps kom det året etter framlegg frå kommunestyra i Rauland, Vinje, Lårdal og Mo om at statsdyrskuet i Seljord burde leggjast ned til fordel for Mogen i Høydalsmo. Dersom dette ikkje gjekk igjennom ynskte dei at statsdyrskuet skulle haldast vekselsvis på Mogen, i Seljord og i Sauland.[8]

Framlegget førte ikkje fram, men ein gav likevel ikkje opp. I Fedraheimen stod dette referatet frå fesjået som blei halde i 1879:

Mogen i Høydalsmo, 1885-1888.
Foto: Knud Knudsen / Spesialsamlingen ved universitetsbiblioteket i Bergen.
Paa Mogjen i Telemarki var det Fesjaa den 12te September, skriv ein Brevsendar til oss. Endaa Veret var stygt, møtte det mykje Folk; 300 Kjyr var framsynte, vart det sagt.

Det var væne Dyr. 22 av desse vart funne værduge til Præmi. Fyrste Præmikui aatte Jon Aa i Høydalsmo, den andre Herbjørn Rui i Laardal, den tridje Tjostolv Aasland fraa Mo og den 4de Torbjørn Huvestad i Eidsborg. 5 Kvigur og 4 Stutar fekk Premi; fyrste Premikviga aatte Nils Heggtveit i Laardal og fyrste Premistuten høyrde til Nikuls Breidland av Høydalsmo. (Fyrste Klasses Premi var til 12., den lægste til 2 Kr.)

Etterpaa heldt Agronom Jakobsen ein Tale og sagde, at det var Von til, at Staten og vilde gjeva ei Haand med litt aa stydja Fesjaai her på Mogjen; hellest totte han, at det i Aar ikkje var fullt so gilde Kyr som ifjor; men det kunde koma av den kalde og regnlege Sumaren.

So kom Aslak Li fraa Rauland uppaa Talarstolen. Han talad om Kvinna, som han sagde mykje gildt um, endaa han meinte han skulde gjort det endaa betre, um det hadde voret klaarare Ver.

Deretter talad Olav Sandland, nokot um Fesjaaet, og nokot um Politikken; ærleg talad han for Vidking av Røysteretten og for veksande Upplysning. Det sluttad med eit Hurra fyr «Mogjens Framtid som Fesjaaplats», og so tok Kreaturhandelen til.

Det vart selt ikr. 40 Kyr, men Prisarne var laage; 14-30 Spd. var Jamnaden; 2dre Premikui vart jamvel seld fyr 32 Spd.[9]

Mogen si framtid som fesjåplass stod på dagsorden då ei framlegg frå amtsformannskapet blet sendt på høyring til kommunestyra i Telemark i 1884. Framlegget gjekk igjen ut på at statsbidraget burdeløyvast vekselsvis mellom forskjellige utstillingsplassar; «Det ansees heldigt, at Statsbidraget til større Dyrskuer anvendes til eet Saadant og at dette afholdes vexelvis 1 Aar paa Mogen, 1 Aar i Siljord og 1 Aar i Sauland efter Amtsformandskabets nærmere Bestemmelse,» heitte det.[10]

Blant dei sytten kommunestyra som gav uttale til saka var det berre seks som ynskte at statsdyrskuet skulle ha fast plass. Bø, Lunde, Kviteseid og Seljord gjekk inn for Seljord som fesjåstad, medan Sauherad og Holla ynskte Gvarv. Resten ville at staden skulle veksle mellom forskjellige bygder.[11]

Slik gjorde amtsformannskapet vedtak om at statsdyrskuet skulle veksle mellom Seljord, Mogen og Sauland. Men no hadde landbruksdirektøren fengje nok. Med Stortinget i ryggen fekk Seljord øyremerka statsløyving til den «Aarlege Kvægudstilling".[12]

Fesjå og handelsmøte

Artikkel om drukkenskapen på fesjået.
Foto: Trondhjems Adresseavis, 21. september 1922.

Med unnatak av dei siste åra låg marknadsplassen heile tida på Mogen, men etterkvart strakk handelen seg heilt bort til Ofteåi.[13] "Kræturhandlaren" kom frå mange kantar av landet.

Hommelstad frå Vang, Anfinseth frå Hallingdal, Gjermund Naper og Malakis Torsen frå Skien og mange fleire. Dei var nokre tjukkfalne karar med gode taleevne, og god forstand på kyr. Dei var oppstasa med breie klokkekjede av gull og gullur i vesteloma og så hadde dei gullringar på fingrane og ei lommelerke i lomma som dei gav kaupeskål av for ein god handel.[14]

Dei som skulle handle med kyr, kom frå Dalen på sundagen, og overnatta i Høydalsmo til måndagen. Måndagskvelden reiste dei vidare til Seljord. Domarane hadde vindjakker og hatt eller luve med blank skjerm og høge støvlar. Det blei også heldt foredrag om avl og stell for å få fram dei beste dyra. Spenninga var alltid stor då "bolagoksen" kom for å bli stilt ut.

Då oksen var undervegs var vegen gjennom sentrum og opp til Mogen renska for folk og bilar. Og så kom oksen med fylgje. Fyrst gjekk den karen som hadde ansvaret til dagleg. Så var det ein kar som heldt i staven som var festa i ringen oksen hadde i nasen. Oksen hadde au sele som fotbandi var festa i. Desse vart haldne av to karar klare til å rykke framføtene under han dersom den vart skremd eller sinna. Dette agelege fylgje skreid seint fram mot Mogen. Folk stod andektige og fylgjde med til den var på plass.[15]

Langs vegane blei det sett opp sjapper. Stokkar blei slått ned i jorda og tekt med sinktak og honveggar. Kokomnar blei fyra opp for å halde varme i kjøtsuppa som kjeringane hadde med seg. Suppa blei solgt for ei krone tallerken, medan kaffen kosta 25 øre. Mange av dei som budde i sentrum, solgte også mat og drikke heime i husa.[16] Lårdølar kom for å selje eple, plommer og anna frukt i smått og i kassevis.[17] Det kom også tatarer som solgte forskjellige varer.

Det kunne gå hardt for seg når så mange folk samla seg. "Klokkehandlarar og knivhandlarar møtte opp ofte med flaske på baklomma eller bryggespann gøymt i haugane rundt sentrum. Dette kunne ofte føre til slagsmål og leven, men lensmannen og hans folk fylgjde med så det roa seg for det meste. Men det var sume som vart arrestera for bråk og uro."[18] I 1922 meldte Trondhjems Adresseavis at ein mann var død av «overdreven nydelse av alkohol». Mannen hadde kjøpt sprit frå omreisande gaukar som seinare blei arrestert av lensmannen under dyrskuet i Seljord.[19]

Fesjået og handelsmøtet var ferdig på Mogen kring kl. sju, og kl. åtte starta festen på Folkets hus. "Inne dansa dei og ute i mørkret dreiv dei med andre ting, men utover natta var alt over og stilt."[20]

Dei siste åra

Kring midten av 1950-talet tok fesjået i Høydalsmo slutt. Handelsmøtet heldt fram i nokre år med litt heste- og "sjappehandel". Det blei også heldt auksjon til inntekt for nytt samfunnshus i Høydalsmo. Ettersom handelen med dyra minka var det ikkje lengre behov for å legge marknadsplassen til Mogen, og denne blei flytt til andre sida av Ofteåi.[21] Der heldt handelen fram, andre måndag i september, til det heile var over i 1966.[22]

Referansar

  1. Fedraheimen, 7. september 1978
  2. Baardseth, 1956, s. 88.
  3. Bakken, 1978, s. 26.
  4. Heggtveit, 2009, s. 46.
  5. Førstøyl, 2014, s. 241.
  6. Fedraheimen, 7. september 1978.
  7. Fedraheimen, 7. september 1978.
  8. Bolstad, 1993, s. 308.
  9. Fedraheimen 4. oktober 1879
  10. Bolstad, 1993, s. 309.
  11. Bolstad, 1993, s. 309.
  12. Bolstad, 1993, s. 310.
  13. Bakken, 1978, s. 26.
  14. Heggtveit, 2009, s. 46.
  15. Heggtveit, 2009, s. 46.
  16. Heggtveit, 2009, s. 47.
  17. Førstøyl, 2014, s. 237.
  18. Heggtveit, 2009, s. 47.
  19. Trondhjems Adresseavis 21. september 1922.
  20. Heggtveit, 2009, s. 48.
  21. Samtale med Magne Ljosdal.
  22. Heggtveit, 2009, s. 48.

Kjelder

  • Baardseth, Karsten, Telemarkfe gjennom 100 år: 1856-1956, Porsgrunn, Selskapet, 1956.
  • Bakken, Olav, Lårdalsoga, Dalen, Sogenemnda for Lårdal, 1978.
  • Bolstad, Alfred, Frå kvægudstilling til folkefest : Seljordutstillinga Dyrsku'n 125 år 1866-1991, Seljord : Seljordutstillinga Dyrsku'n, 1993. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Fedraheimen 7. september 1878.
  • Fedraheimen 4. oktober 1879.
  • Førstøyl, Tarjei, Lårdal ætt og heim, Høydalsmo sokn, band 1, Tokke kommune, 2014.
  • Heggtveit, Ingebjørg, "Fesjå, handelsmøte i Høydalsmo", i Tokke historielag, Tokke historielag årsskrift 2009, Skien, 2009.
  • Trondhjems Adresseavis 21. september 1922.


Koordinater: 59.501139° N 8.1966387° Ø