Fiksdal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 7. mai 2018 kl. 00:04 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Fiksdal kyrkje er ei langkyrkje i Fiksdal i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1866 og bygd i gotisk stil. Ho er bygd i treverk (tømmer) av byggmeister Gjert Lien, Nordfjord. Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan. Ho blei restauret i 1966 til 100-årsminne. Restaureringa vart leia av konservator Ola Seter. Kyrkja har 200 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Altartavla frå 1716 og preikestolen frå 1718 kom opprinneleg frå kapellet ved Reknes hospital i Molde. I 1960 fekk kyrkja nytt pipeorgel. Tidlegare stod det eit eldre orgel i kyrkja frå 1923 [1].

Referanser

  1. Ukjent forfatter. 1982 Bygdene våre gjennom tidene. (om Fiksdal (Vestnes))

Eksterne lenker