Fjørmannsfar

Fjørmannsfar (jf. islandsk fjögramannafar og færøysk fýramannafar), òg kalla firmannsfar, fjørnfar, fjørefar, fjøfar m.m., var ein båttype som var vanlig i alle fall frå 1600-talet og fram til 1800-talet. I ulike kjelder blir dei omtala som båtar med fire, fem eller seks rorsrom. Fjørmannsfar var vanlige i alle fall på både Sunnmøre og Nordmøre. I skifteprotokollane frå Nordmøre på andre halvdelen av 1600-talet ser fjørmannsfara ut til å ha vore ein slags fyringar. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelse (1762): «Fjøringfar eller Fjæringfar, som af andre kaldes Fjærmandsfar, er et Navn, som uden Tvivl vil sige det samme som Firerøings-Far, efterdi det tillægges en Baad med 4 Par Aarer, som dog altid bemandes med 6 Karle og er det almindeligste Slags Havbaad, hvormed man i Vaar-Fiskeriets Tid reiser 2 til 4 Mile ud i Havet for at fange Torsk.» I eit notat frå Ole Ekkilsøyvåg frå Averøya sitert i Nordmøre fiskerisoge er fjøfar omtala som eit anna namn på femroring. C.F. Diriks seier i «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» (1863) at Fjørnfar har seks par årar.

Sunnmørsk fjøringfar teikna av Hans Strøm og attgjeve Søndmørs Beskrivelse (1762).

Fjørmannsfar i skifteprotokollar

I skifteprotokollane finn vi dokumentasjon på arveoppgjer. Der blir blant anna fartøy og børnskap opplista — ofte med spesifisert verdi. Fugelsøy (1962) refererer til skifteprotokollen for Nordmøre sorenskrivarembete der han blant anna fann desse:[1]

  • 1669: Skiftet etter John Toresen Bae: Et lite firmannsfar med mastertaug og alt tilbehør, 4 rdl.
  • 1669: Skifte i Ersvika på Tustna: Et firmannsfar med seil og utstyr.
  • 1670: Boet etter Ivar Knudsen Mork, Mork på Kvernes: Et gl. firmannsfar med tilbehør[.]
  • 1674: Skifte på Strand, Kvernes: ... to firmannsfar ...
  • 1681: Skifte etter Tore Hansen Vikan, Smøla: ... et firmannsfar med utstyr ...
  • 1691: Skifte etter Iver Toresen Smørholmen: ... 4 firmannsfar som taksertes til 15 rdl.

Eit vidare søk i skifteprotokollane er på veg.

Ymse

Ordet fjørnfar blir elles bruka på nordmøring om kvinner som har pynta seg i meste laget.

Fotnotar

  1. Fugelsøy (1962) s. 17 f.

Sjå òg