Flofjellsvegen: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
m ({{nn}}) |
||
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
<onlyinclude>{{thumb|FlofjellsvegenNedstevatnet.JPG|Flofjellsvegen ved Nedstevatnet i Sunnylvsbygda|[[Bruker:Arnfinn Kjelland|Arnfinn Kjelland]]}}</onlyinclude> | <onlyinclude>{{thumb|FlofjellsvegenNedstevatnet.JPG|Flofjellsvegen ved Nedstevatnet i Sunnylvsbygda|[[Bruker:Arnfinn Kjelland|Arnfinn Kjelland]]}}</onlyinclude> | ||
{{thumb|FlofjellsvegenStegholsvatnet.JPG|Flofjellsvegen ved Stegholsvatnet på fylkesgrensa.|[[Bruker:Arnfinn Kjelland|Arnfinn Kjelland]]}} | {{thumb|FlofjellsvegenStegholsvatnet.JPG|Flofjellsvegen ved Stegholsvatnet på fylkesgrensa.|[[Bruker:Arnfinn Kjelland|Arnfinn Kjelland]]}} | ||
<onlyinclude>'''[[Flofjellsvegen]]''' er ein gamal ferdsleveg over fjellet mellom [[Sunnylvsbygda]] i [[ | <onlyinclude>'''[[Flofjellsvegen]]''' er ein gamal ferdsleveg over fjellet mellom [[Sunnylvsbygda]] i [[Stranda kommune]] og grenda Flo i [[Stryn kommune]]. Allereie [[Hans Strøm]] omtalar vegen i skildringa si av Sunnmøre frå 1764-66. Dei øvste gardane på Sunnylvssida, Brekke og Vollset, høyrde faktisk til [[Oppstryn sokn]] fram til 1848. Dei laut da krysse Flofjellet for å kome til kyrkje og utføre offentlege ærend. | ||
Overgangen passerer tre vatn. Rekna frå Sunnylvssida er det Nedstevatnet, Stegholvatnet der kommune- og fylkesgrensa delar vatnet i to og Ångelsvatnet. Det er elles Stegholsvatnet som har vore problematisk for ferdsla; der er det høge hamrar rett i vatnet på båe sider. Det måtte ofte brukast båt for å kome forbi her.</onlyinclude> | Overgangen passerer tre vatn. Rekna frå Sunnylvssida er det Nedstevatnet, Stegholvatnet der kommune- og fylkesgrensa delar vatnet i to og Ångelsvatnet. Det er elles Stegholsvatnet som har vore problematisk for ferdsla; der er det høge hamrar rett i vatnet på båe sider. Det måtte ofte brukast båt for å kome forbi her.</onlyinclude> | ||
Linje 15: | Linje 15: | ||
*[[Ragnar Standal|Standal, Ragnar]] 1996: ''Vegar før vegar var II. Fjelleier på Sunnmøre og i Romsdal''. [[Hjørundfjord Sogelag]] s. 15ff. | *[[Ragnar Standal|Standal, Ragnar]] 1996: ''Vegar før vegar var II. Fjelleier på Sunnmøre og i Romsdal''. [[Hjørundfjord Sogelag]] s. 15ff. | ||
[[Kategori:Veger | [[Kategori:Veger]] | ||
[[Kategori:Stranda kommune]] | [[Kategori:Stranda kommune]] | ||
[[Kategori:Stryn kommune]] | [[Kategori:Stryn kommune]] | ||
{{F1}} | {{F1}} | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 25. jan. 2016 kl. 16:01
Flofjellsvegen er ein gamal ferdsleveg over fjellet mellom Sunnylvsbygda i Stranda kommune og grenda Flo i Stryn kommune. Allereie Hans Strøm omtalar vegen i skildringa si av Sunnmøre frå 1764-66. Dei øvste gardane på Sunnylvssida, Brekke og Vollset, høyrde faktisk til Oppstryn sokn fram til 1848. Dei laut da krysse Flofjellet for å kome til kyrkje og utføre offentlege ærend.
Overgangen passerer tre vatn. Rekna frå Sunnylvssida er det Nedstevatnet, Stegholvatnet der kommune- og fylkesgrensa delar vatnet i to og Ångelsvatnet. Det er elles Stegholsvatnet som har vore problematisk for ferdsla; der er det høge hamrar rett i vatnet på båe sider. Det måtte ofte brukast båt for å kome forbi her.
Det ligg fleire setergrender langs vegen: Nedstevassetra, Øvre-Flosetra og nedre-Flosetra.
I 1888 søkte grunneigarane på Flo om bidrag til å bygge veg, og kom i gang med bygginga. Men det var ikkje før det vart igangsett vegarbeid i mellomkrigstida at det kom rideveg langs Stegholsvatnet. I dage r dette ein populær gang- og sykkelveg.
Når ein kjem over frå nordafrå og får oversyn over Oppstrynsvatnet, høgfjellet og breane mot himmelen i sør er det ei «ugløymande oppleving», skriv Ragnar Standal; det var her Per Bolstad vart inspirert til å skrive den kjende slåtten «Fagre Stryn».
Kjelder
- Informasjonsoppslag ved trimkasse ved Stegholsvatnet.
- Standal, Ragnar 1996: Vegar før vegar var II. Fjelleier på Sunnmøre og i Romsdal. Hjørundfjord Sogelag s. 15ff.