Forside:Valle/Om forsida

Valle kommune er ein av Setesdalskommunane i Aust-Agder. Han grenser til Bygland, Bykle, Fyresdal, Sirdal og Tokke. Kommunen har namn etter kommunesenteret, tettstaden Valle.

Kommunen vart oppretta i 1837. I 1902 vart Bykle kommune skild ut, og i 1915 vart Hylestad ein eigen kommune. Hylestad vart så gjenninnlemma i 1962.

Valle og Rysstad er dei to større befolkningssentra i kommunen. Ingen av dei er store nok til å bli rekna som tettstader av SSB. Befolkninga er ellers spreidd på ei rekke grender og garder.