Fossen (Jostedal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. mai 2012 kl. 18:12 av Oddloho (samtale | bidrag) (skatt den fyrste tida)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Fossen (Luster, gnr. 188) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot Myklemyr og i nord mot Sperla.

Matrikkelgarden Fossen femner òg om det meste av grenda Fossøyane.

Fossen ligg attmed ein av dei få markante fossane i Jostedøla og må ha namnet herifrå.

Garden er nemnd i presteskattelista frå 1596, som er den fyrste skattelista ein har frå Jostedalen etter øydetida i seinmellomalderen. Etter denne lista skulle Enner på Faas yte fire mælar korn til presten. Berre tre andre gardar skulle gje presten korn (alle fire mælar - Åsen og dei to brukarane i Fåberg, noko som tyder på at Fossen var ein god korngard. Også dei neste skattelistene fortel om ein god gard. I 1600 skulle Enner Foss betale 7 merker talg og eitt geitskinn i leidangsskatt, noko som plasserte han mellom dei fire brukarane i Jostedalen som betalte mest. Etter 1610 har likevel fleire andre gardar gått forbi Fossen på skattelistene, så garden låg no på 6.-7. plass.


Bruk

  • Bnr. 1 Fossen (midtre) - det opphavlege bruket
  • Bnr. 3 Dalen - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 den 12.4.1862
  • Bnr. 5 Fossen (nedre) - fråskild ved at bnr. 1 vart delt i 1805

Bruk i Fossøyane:

  • Bnr. 4 Fossøyplassen - fråskild bnr. 1 og 3 den 14.10.1865
  • Bnr. 9 Fossøyane - fråskild bnr. 5 den 7.10.1895

Sjå under Fossøyane for den vidare bruksdelinga der.

Bruk i Elvøy:

  • Bnr. 2 Fossen (Elvøy) - utskild frå bnr. 1 den 17.10.1860
  • Bnr. 6 Kasøy - fråskild bnr. 2 den 19.5.1891

I tillegg er det fråskild ei rekkje tomter som ikkje er med.

Husmannsplassar

Det har vore ni husmannsplassar og heimar under Fossen. Sjå under Fossøyane om dei fem som låg der. Dei fire andre var:

  • Fossehaugen (Øygardsbakken) - rydda kring 1772, plass under bnr. 1, frå 1805 under bnr. 5, nedlagd 1900 (huset stod til 1926)
  • Hesteflaten - rydda kring 1832, nedlagd kring 1843 då plassfolket flytte til Dalen
  • Dalen - rydda kring 1843, fråskild 1862 som bnr. 3
  • Uri - rydda kring 1885, fråskild 22.8.1966 under namnet Ekrebakkene (bnr. 30)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 114-171. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Fossen», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk