Fossheimvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. jun. 2022 kl. 22:41 av Rool (samtale | bidrag) (redigert og lagt til tekst)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fossheimvegen sett vestover frå Krossvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Fossheimvegen i i Midt-Telemark kommune er en blindveg på Langkåshaugen som går vestover frå Oterholtvegen til Fossheimgardane og er kring 740 meter lang.

Vegen blei namnsett i 1994 og har namn etter Fossheimgrenda. Han går i jordbrukslandskap og er delt i to greiner. Vegen het tidlegare Krossvegen.

KROSSVEGEN - ENDRING AV VEGNAMN TIL FOSSHEIMVEGEN

Vegen til Fossheimgrenda har til nå hatt namnet «Krossvegen». Grunnen til at vegen har fått dette namnet er at Krossvegen er eit kjennemerke på Langkåshaugen og det er her vegen til Fossheimgrenda tek av frå Fylkesvegen. Skiltet for vegen har på ei eller anna vis kome bort, slik at vegen ikkje har noko visning i dag.

Oppsitjaran i Fossheimgrenda har nå levert inn eit skriv til etaten der dei ber om at vegnamnet blir endra til FOSSHEIMVEGEN. Samtlege oppsitjarar har skrive under dette oppropet, og meiner at Fossheimvegen er meir dekkande og gjev ei betre opplysning for ukjente, i motstning til Krossvegen som vegnamn.

Det er Teknisk Utval som tek avgjerd i slike spørsmål i medhald av delegert myndighet som kommunen si vegstyresmakt.

– Frå eit møtereferat i Teknisk Utval 21. september 1994

Namneendringa blei samrøystes vedteke.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bø kommune, Teknisk utval, 21.09.94, Sak nr. 161/94.


Koordinater: 59.42404° N 9.05217° Ø