Frederik Schmidt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreFrederik Schmidt (fødd i Asminderød på Sjælland 27. mai 1771, død 16. februar 1840 i Himmelev, også på Sjælland), var teolog, forfattar, eidsvollsmann og stortingsmann. Han var oppvaksen i Noreg, og verka mellom anna som sokneprest på Eiker i drygt tjue år før han flytta til Danmark, der han også var fødd og hadde studert. Han var sterkt knytta til Danmark og den danske embetsmannskulturen, høgkulturelt interessert, rasjonalistisk orientert og litterært aktiv. Alt dette let seg tidstypisk godt sameine med ein romantisk inspirert Noregs-patriotisme. Han var sterkt oppteken av allmugens kulturelle og materielle framgang, og politisk sett var han ein nasjonaldemokratisk innstilt folkets ven.

På Eidsvoll representerte han Buskerud amt saman med fogd Collett og bonde Christopher Hoen. Sistnemnde var sambygding og soknebarn av presten Schmidt. Dei to var innkvarterte saman under Eidsvoll-opphaldet, og dei delte mange synsmåtar på politikk og samfunn. Men i religiøse haldningar var dei skarpe motstandarar. Haugianaren Hoen og sokneprest Schmidt hadde endatil tørna saman i nesten fysisk konfrontasjon i haugianismens fyrste kamptid på Eiker.

Bakgrunn og familie

Om han var fødd i Danmark, var båe foreldra norske. Faren var også teolog, og da Frederik var to år gammal, vart faren utnemnd til biskop i Christiania. Foreldra var Christen Schmidt (1727–1804) og hans hustru frå fyrste ekteskap Petronelle Sørensdatter Lemmich (1734–98).

Fredrik Schmidt gifta seg i Christiania 10. januar 1799 med Maren Elisabeth Mathea Oppen (fødd i Christiania 2. april 1778, død i København 26. desember 1841). Ho var dotter til generalkrigskommissær Knud Oppen (1718–1803) og Mette Christine Colling (Colding) (ca. 1754–1827).

Utdanning og embetskarriere

Frederik Schmidt fekk privatundervisning i heimen, derunder i musikk, fram til 14-årsalderen. Da byrja i øvste klassen på Christiania Katedralskole, og vart student i 1787. Han tok anneneksamen ved universitetet i København i året etter, og drog så heim att og las til fagstudiet teologi der. I 1790 var han attende i København og tok embetseksamen hausten 1791.

Allereie i juni 1792 fekk han prestestilling ved Tukthuset i Christiania. Frå 1797 til 1820 var han sokneprest i Eiker, og frå 1808 også prost i Kongsberg prosti. Han søkte og fekk avskil frå kallet i Eiker for å flytte til Danmark. At han flytta frå Noreg har vore forklart ved at han var vonbroten over unionen med Sverige, men Koht er også inne på at det kan ha spela inn at han ikkje fekk bispembetet i Bergen som han søkte om i 1817.

Han heldt avskilspreika si i Eiker den 24. september 1820. Da hadde han fått nytt prestekall i Danmark, som sokneprest til Himmelev og Roskilde adelege jomfrukloster. Frå 1822 til 1832 var han dessutan styrar ved stiftsbiblioteket i Roskilde.

I 1826 tok han teologisk doktorgrad ved Universitetet i København på ei avhandling om paulisianarane, ei kjettersk kristen sekt i det bysantinske riket frå 600- til 900-talet.

Frederik Schmidt gjorde mange og lange utanlandsreiser, både medan han tenestegjorde ved Tukthuset og under si langvarige embetstid i Eiker. I 1794 reiste han saman med stiftamtmann Fr. Moltke i Nord-Tyskland og oppheldt seg tre månader ved universitetet i Göttingen. Han var fleire gonger i lengre periodar i København, såleis hausten 1807 og i 1811. Der vanka han i litterære krinsar som han kjende godt og hadde halde kontakt med allereie frå studiedagane, med eit sentrum rundt Knud Lyne Rahbek som saman med kona Kamma Rahbek heldt heldt salong i heimen deira, Bakkehuset på Fredriksberg ved København. Schmidt var både i studietida og seinare ein ivrig medlem i Det norske Selskab i København.

Frå hausten 1817, med to års permisjon frå embetet i Eiker, slo han og kona seg til i København på nytt. Frå april 1818 til hausten 1819 var han saman med forfattaren B.S.Ingemann til Tyskland og Italia.

Opplysningspresten og tiltaksmannen

Frederiks Scmidts vilje og evne til å drive folkeopplysning og praktisk reformarbeid kom best til sin rett i tida hans i Eiker. Av tiltaka han sette i gang med kan nemnast at han oppretta eit spinnehus for arbeidslause, han forbetra fattigvesenet, oppmuntra til husflid, arbeidde for å innføre vaksine. Ikkje minst sytte han for å få til fleire og betre allmugeskular. Han heldt kurs for lærarar, og utarbeidde ein plan for eit lærarseminar i prostiet. Han oppretta også ei lokalavdeling av Selskabet for Norges Vel i Eiker, ein samskipnad som han sjølv hadde vore med og stifta i 1809.

Som reformator hadde han sans for den omfattande næringsverksemda som haugianarane fekk sett i gang i Eiker. Mellom anna var han oppglødd for den papirmølla som dei sette i gang ved Vestfossen i 1802, den seinare Ekers Papirfabrik. Men teologisk kom han altså på kant med dei, særleg i byrjinga. Ei av dei mest fortalde historiene om styresmaktenes og presteskapets forfølgjing av Hauge er knytta til sokneprest Schmidt. Det fyrste året Schmidt var i Eiker, nyttårsaftan 1798, heldt Hans Nielsen Hauge personleg samling på garden hjå Christopher Hoen. Lensmann og prest var til stades, og Schmidt las opp Konventikkelplakaten. Da lensmannen skulle arrestere Hauge for brot på plakaten, ba Christopher Hoen om lov til å skysse arrestanten. Det fekk han lov til, men nytta da høvet og sin raske hest til å køyre frå lensmannen over i neste lensmannsdistrikt, slik at Hauge slapp unna.

1814

I Riksforsamlinga på Eidsvoll var Schmidt blant dei mest overtydde sjølvstendemennene, og Halvdan Koht omtalar han som ein av dei «mest demokratiske». Han hadde heilt frå fyrst av vore mot at Christian Frederik skulle ta i mot den norske trona i kraft av arveretten. Schmidt tala ivrig mot adelskap, rang og titlar. Han ville ha eit eittkammersystem i Stortinget, men da dette ikkje fekk fleirtal, fremja han det forslaget som vart vedteke, at når Odelstinget og Lagtinget tok ulike standpunkt, skulle saka avgjerast med 2/3 fleirtal i samla storting. Frederik Schmidt var medlem i Konstitusjonskomiteen, dvs. det utvalet som utforma grunnsetningane for Grunnlova.

Frederik Scmidt vart også vald til omframstortinget på hausten 1814. Han markerte seg der som ein sterk talsmann for at grunnlova og det nasjonale sjølvstendet skulle stå så sterkt som råd var i den da uungåelege unionen med Sverige.

Dikting og faglitterært forfattarskap

Schmidt var kjend som diktar, mest leilighetsdikting og i den lettare sjanger. I samband med Riksforsamlinga på Eidsvoll har han vore omtala som «selvstendighetspoeten». To gonger fekk han utgjeve sine dikt i samling, i 1811 (København) og i 1835 (Roskilde).

Ei rekkje preiker og taler vart fekk han trykt dels i tidsskrift, dels som småskrift. Det var gjerne til bestemte høve og føremål, som for eksempel «Prædiken paa Allehelgensdag 1807. Indtægten anvendes til Understøttelse for de udkommanderede Norske Tropper».

Medan han var tukthusprest i Christiania redigerte Schmidt i to år (1795-1797) tidsskriftet Hermoder, som hadde eit blanda skjønnlitterært og faglitterært innhald.

Det er kjent at han samla materiale til Christianias historie, men om dette vart utgjeve, har det i alle høve ikkje kome med i den detaljerte bibliografien i Halvorsens forfatterleksikon.

Han vart også kjend for sine omsetjingar av klassiske diktarar - Ovid, Tasso, Dante og Petrarca m.fl.

Kjelder og litteratur

  • Bjarnar, Ove: Elvekulturen. Eikers historie bd. III. Øvre og Nedre Eiker kommunar 1994.
  • Halvorsnes forfatterleksikon
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Schmidt i Norsk biografisk leksikon (1954)