Fridtjov den frøkne: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
Soga om Fridtjof den frøkne har sitt opphav frå bygdene ved Sognefjorden. Denne norrøne soga som vart nedskriven av Snorre.
{{thumb|Fritjofvangsnes.jpg|Fridtjov-statua på Vangsnes.|Nina Aldin Thune}}
'''[[Fridtjov den frøkne]]''' er ein sagnfigur som er nært knytta til bygdene ved [[Sognefjorden]] og på [[Ringerike]], og som det står [[Fridtjof-statuen|ein statue]] av på [[Vangsnes]] i [[Vik kommune]]. Soga er kjent frå ei [[island]]sk fornaldersaga frå 1300-talet, og vart kjend gjennom Esaias Tegnér sin diktsyklus ''Frithiofs saga'' frå 1825.
 
Historia om Fridtjov er av seinare dato enn islendingesagane, og er truleg rein fiksjon. Inspirasjonen frå romantiske soger, og særleg frå ''Tristan og Isolde'', er tydeleg. Det er også ein del trekk som liknar ''[Gunnlaug Ormstunges saga]]''. Teksten har innslag frå [[norrøn mytologi]], særleg historia om Balder, men er skreve i [[kristendom|kristen]] tid og med eit kristent preg.
 
Handlinga er delt i tre bolker, to av dei lagt til Sogn og ein til Ringerike. Fridtjov reiser og til [[Orknøyane]] og i [[viking]]. Han var ifølge soga son av Torstein Vikingson, som var [[herse]] på Framnes. Dette er truleg Vangsnes i Vik. Han vart oppfostra hos bonden Hilding saman med Ingebjørg, dotter av kong [[Bele]]. Sistnemnde og hans søner Helge og Halvdan hadde lite respekt for Fridtjov, og medan Fridtjov var på Orknøyane gifta dei bort Ingebjørg til kong [[Ring (småkonge)|Ring]] på Ringerike. Fridtjov gjekk i teneste hos han, og fekk ein slik stilling at han då kongen døydde fekk overta både riket og dronninga. Ingebjørg sine brør gjekk til krig mot han, men tapte. Helge fall i kamp, medan Halvdan måtte overgje seg og vart herse under Fridtjov.
 
Det var ein kong Ring på Ringerike kring år 860, [[Ring Dagsson]]. Men han er nemnd hos [[Snorre Sturlasson]] som far til [[Åshild Ringsdotter]], ei av konene til [[Harald Hårfagre]], og er nok berre brukt i soga om Fridtjov fordi det var eit namn ein del kunne kjenne att. Kong Bele er berre kjend frå denne soga.
 
Sagaen om Fridtjov vart omsett til [[nynorsk|landsmål]] av [[Ivar Aasen]] i 1858, og var den første fornaldersaga som kom ut på denne språkforma.
 
Statuen på Vangsnes vart oppført av den tyske keisaren [[Wilhelm II av Tyskland|Wilhelm II]], og vart utforma av Max Unger 1910–1912. Keisar Wilhelm fekk òg reist ei statue av Bele i [[Balestrand]].
 
[[Rolf Losnegård]] skrev spelet ''[[Fridjtovspelet – fiend og elskar]]'' som vart oppført på Vangsnes årleg sidan 2008.
 
==Litteratur==
 
* {{WP-lenke|Sagaen om Fridtjov den frøkne|nb}}
 
[[kategori:Norrøn litteratur (omtaler)]]
[[kategori:Sogn]]
[[kategori:Ringerike]]

Sideversjonen fra 2. aug. 2017 kl. 12:40

Fridtjov-statua på Vangsnes.
Foto: Nina Aldin Thune

Fridtjov den frøkne er ein sagnfigur som er nært knytta til bygdene ved Sognefjorden og på Ringerike, og som det står ein statue av på Vangsnes i Vik kommune. Soga er kjent frå ei islandsk fornaldersaga frå 1300-talet, og vart kjend gjennom Esaias Tegnér sin diktsyklus Frithiofs saga frå 1825.

Historia om Fridtjov er av seinare dato enn islendingesagane, og er truleg rein fiksjon. Inspirasjonen frå romantiske soger, og særleg frå Tristan og Isolde, er tydeleg. Det er også ein del trekk som liknar [Gunnlaug Ormstunges saga]]. Teksten har innslag frå norrøn mytologi, særleg historia om Balder, men er skreve i kristen tid og med eit kristent preg.

Handlinga er delt i tre bolker, to av dei lagt til Sogn og ein til Ringerike. Fridtjov reiser og til Orknøyane og i viking. Han var ifølge soga son av Torstein Vikingson, som var herse på Framnes. Dette er truleg Vangsnes i Vik. Han vart oppfostra hos bonden Hilding saman med Ingebjørg, dotter av kong Bele. Sistnemnde og hans søner Helge og Halvdan hadde lite respekt for Fridtjov, og medan Fridtjov var på Orknøyane gifta dei bort Ingebjørg til kong Ring på Ringerike. Fridtjov gjekk i teneste hos han, og fekk ein slik stilling at han då kongen døydde fekk overta både riket og dronninga. Ingebjørg sine brør gjekk til krig mot han, men tapte. Helge fall i kamp, medan Halvdan måtte overgje seg og vart herse under Fridtjov.

Det var ein kong Ring på Ringerike kring år 860, Ring Dagsson. Men han er nemnd hos Snorre Sturlasson som far til Åshild Ringsdotter, ei av konene til Harald Hårfagre, og er nok berre brukt i soga om Fridtjov fordi det var eit namn ein del kunne kjenne att. Kong Bele er berre kjend frå denne soga.

Sagaen om Fridtjov vart omsett til landsmål av Ivar Aasen i 1858, og var den første fornaldersaga som kom ut på denne språkforma.

Statuen på Vangsnes vart oppført av den tyske keisaren Wilhelm II, og vart utforma av Max Unger 1910–1912. Keisar Wilhelm fekk òg reist ei statue av Bele i Balestrand.

Rolf Losnegård skrev spelet Fridjtovspelet – fiend og elskar som vart oppført på Vangsnes årleg sidan 2008.

Litteratur