Fyresdal Handelslag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 56: Linje 56:
*Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: ''Hus og folk i Folkestadbyen''. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.
*Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: ''Hus og folk i Folkestadbyen''. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.
* [[Bendik Gjermundson Veum|Veum, Bendik]]: ''60 års festskrift for Fyresdal Handelslag : 1871-1931''. 1931.  {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2017062108008}}.
* [[Bendik Gjermundson Veum|Veum, Bendik]]: ''60 års festskrift for Fyresdal Handelslag : 1871-1931''. 1931.  {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2017062108008}}.
*[[Taraldlien, Bendik]].  ''Fyresdal. Med bilæte.  Fyrste utgåve 1910''. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.


==Referanser==
==Referanser==

Sideversjonen fra 19. okt. 2019 kl. 18:53

Dette er den fyrste bygningen til Fyresdal Forbruksforening i Folkestadgata 24. Denne bygningen blei 1905 flytta bakover til Breifonn, Skippergata 2 for å gje plass til ny handelsbygning. Foto Olav S. Nyli.

Fyresdal Handelslag vart grunnlagt i 1871 med ein aksjekapital på 3080 kr. Handelslaget bestod opphavleg av tre filialar; hovudforretninga i Folkestadgata 24 i Folkestadbyen, ei forretning i Hegglandsgrend og ei på Øyane i Veum. I 1899[1] gjekk handelslaget på Veum ut som eiga forretning og vart heittande Veum Handelslag. Forretninga i Hegglandsgrend gjekk ut i 1916.[2]


Moland Forbruksforening (1871-1909)

Forbruksforeninga vart skipa 16. januar 1871 då bygdefolk som var interessera i ei mogleg forbruksforening i Fyresdal, var samla på Meinstad. Det var lensmann A. L. Qvisling som gjorde opptaket til dette og var den fyrste formannen. Kittil B. Taraldlien var viceformann. Fyrste handelsbetjenten fekk 100 spd. i lønn, han skulle ha fri ved, men måtte sjølv hogge den, og han skulle halde seg sjølv med alt anna. Forbruksforeninga fekk tilbod om å leige husrom på Århus (Fyresdal gnr. 37) og tok mot dette. Talleiv Midgarden skulle reise tiil byen og kaupe inn varer, til Drammen og Oslo, men ferda var farefull når ein hadde med seg pengar og det var avhengig av å ha godt selskap. Det står i styreprotokollen noko seinare at «Talleiv Midgarden kjem heilskinna att frå kaupmannsferdi til byen; dei mottekne varur er taksera i 1000 spd. og premie for police betala ---.» Forbruksforeningen sin handel vart opna 1. mai 1871, på sjølvaste fridomsdagen.

Handelen gjekk feiandes, men husromet på Århus var lite og skrøpeleg og det var eit ynskje om å få ei tuft til bygging av eit meir høveleg handelshus. Jon Folsæ fekk i oppdrag å sjå på dette og samtidig fekk han i oppdrag å gjere ei reise til Skien og Larvik for å kjøpe inn varer. Eit av hovudføremåla med å få til ei forbruksforening, ved sidan av det å skaffe gode og billege varer, var å få slutt på den skadelege borgehandelen som frå gamalt av hadde gjort så mang ein fyresdøl til fant. Dette kjende lensmann Qvisling godt til.

17. februar 1872 heldt foreninga sitt fyrste årsmøte. 24. april peikar styret ut tomt til nytt hus, eit jordstykke på 1 ½ mål vert leigd for årleg 1 ½ spd. Halvor Sitje og Daniel Svolestog fekk i oppdrag å flytte hit eit aktuelt hus. Det var stadig ei utfordring med borgehandel også lokalt, men handelen gjekk godt.

Årsmøte 28 februar 1877, på dette var der eit ynskje om å bygge på bygningen slik at det vart leilighet til betjenten, men dette vart det ikkje noko av. I staden vart det makeskifte av hus med skreddar Tarjei Sundsli som hadde eit større og meir høveleg hus i nærleiken, dette huset hadde kome frå nordre Bondal (Fyresdal gnr. 64/2) i Kleivgrend, og det som mangla skulle han skaffe. Derimot skulle Tarjei ha noko av eit jordstykke foreninga eigde slik at foreninga betala leiga. Årsmøte 17. mars 1883, på dette vart det vedteke å bygge bakeri. Varer blei køyrd frå Ulefoss til Strengen, på anbod, og det var vanskelege tider økonomisk der det vart kaupt inn for store mengder varer, serleg mjøl.

Årsmøte 13. mars 1888, på dette møtet vart det gjort framlegg om at ein del av forretninga skulle flyttast opp til Øyane i Veum. Dette var det ein del usikkerhet om juridisk, Det vart så på foreningas regning oppretta ein utsalsstad i Veum med oppføring av nødvendige lokaler for utlevering av varer. Varene måtte vere kjøpt i hovedhandelen. Nybygd hus med inventar og kakelomn vart kostnadsrekna til1250 kr. og var ferdig oktober 1889. (Dette var på Åbø (Fyresdal gnr. 85/5))

I 1891 hadde Moland Forbruksforenig vore i drift i 20 år under opp- og nedgangstider styrt med sikker hand, og velstanden hadde auka. Dette vart av luteigarane verdsatt der det vart halde ein «Mindefest». Det vart gjort ei endring og reparasjon av butikken slik at den vart meir høveleg. 1895 Det vart vedteke å bygge bakeri ved utsalsstaden i Veum, det vart ferdig same haust.

1898. Det vart vedteke å dele forretninga slik at Veum fekk ein fjerdepart av foreningens eigedom. Alle var einige om delinga. 13. mars 1899 var siste årsmøtet i den samla foreninga.

I tida fram mot 1914 var det generelt ein auke av velstanden i Fyresdal.

1903 Bakeriet vart påbygd/ombygd med leilighet oppe, det vart stadig nye krav. I 1904 fann ein det tvingande nødvendig med ny butikkbygning og i 1905 vart det utarbeidd teikning og overslag til nytt hus samt omregulering av pakkbua slik at ein kunne ha butikken i denne. Huset vart bygt etter plan og teikningar av Bendik Taraldlien. Det gamle huset blei selt til Lars Folkestad og skuva av tomta og til Breifonn, Skippergata 2, og det nye satt opp på same stad.


Fyresdal Handelslag (1909 - )

Årsmøte 9. mars 1909. Namnet på foreninga vart endra til Fyresdal handelslag.

1909. Det kom ynskje om ein opplagsstad i Hegglandsgrend for Heggland, Åsland og Kleivgrend. Styret hadde vedteke ei avtale gjort med T. og H. Haugen om overtaking av deira handel på Haugen nedre (Fyresdal gnr.44/1). Det vart vedteke at handelen i Heggland måtte organiserast som eigen forretning og med styre og 16. oktober vart det vedteke å overlate til L/L Heggland handelslag tomt og hus på Haugen. Fyrst i 1916 vart lutkapitalen utan vederlag overført til Heggland som og overtok filialen.

1913 9. juli vart det vedteke å bygge ny pakkbu. 1925 vart handelshuset bordkledd utanpå.

(Artikkelen vert oppdatert etter kvart)


Fyresdal Handelslag på 1940-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgåvebokhylla.
  • Landvik, Olav J.: Den gong det var landhandleri. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi", Fyresdal Sogelag 2000, s. 44,48.
  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.
  • Veum, Bendik: 60 års festskrift for Fyresdal Handelslag : 1871-1931. 1931. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.

Referanser

  1. Under Fyresdal Handelslag står det at Veum Handelslag gjekk ut i 1889, medan under Veum Handelslag står det at laget gjekk ut i 1899. (Sætherskar, 1949, s. 763 og 769.
  2. Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, s. 762-763.