Gamle Gullnesveg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. jul. 2022 kl. 23:09 av Rool (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Gamle Gullnesveg.
Foto: Roy Olsen (2019).

Gamle Gullnesveg i Seljord kommune går vestover frå BrøløsvegenBrøløs i sentrum til Gullnesvegen i krysset med Bringsåsvegen i Granshaugane boligområde. Han er 724 meter lang.

Vegen har namn etter kobberverket Gullnes ved Sundsbarmvatnet og vart namnsett i 2005. Dette var tidlegare fyrste delen av Gullnesvegen, men denne blei lagt om og fekk nytt startpunkt aust for sentrum, ved den vidaregåande skulen.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.48558° N 8.63234° Ø