Gullnesvegen (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gullnesvegen sett nordvestover frå krysset med Bringsåsvegen og Gamle Gullnesveg.
Foto: Roy Olsen (2019).

Gullnesvegen går nordover frå Nordbygdivegen i Seljord kommune til Sundsbarmvatn der han ender på ein liten odde mellom vikene Lomma og Vikan i Kviteseid kommune.

Vegen vart namnsett som Sundsbarmvegen i 1977, men i 2005 vart dette vedtatt endra til Gullnesvegen etter lokaliteten Gullnes der Gullnes kobberverk låg ved ei halvøy i Sundsbarmvatn, 3,5 kilometer nordvest for vegens ende.

I 1860-åra vart vegen anlagt frå Brøløs og opp gjennom Åsheimgrendi og Kivledalen til Sanden i sørenden av Sundsbarmvatnet. Vegen vart ferdig i 1866. Med omlegjing i starten og forlengjing i enden, er vegen i dag 11,9 kilometer lang, derav ligg dei siste 686 meterane i Kviteseid. Fyrste del av vegen er lagt om i seinare år, og dei opphavelege fyrste 700 meter har fått namnet Gamle Gullnesveg. Gullnesvegen går fyrst gjennom eit større boligfelt, deretter i jordbrukslandskap, mens siste ¾ fram til Sundsbarmvatnet er skogsveg.

Bergverkshistorikk

Gullnes kobberverk (også kalt Gullnes gruver) var eit av de eldste bergverksanlegga i Noreg. Det var i 1524 at biskop Mogens Lauritsson av Hamar fekk kongebrev på å drive Gullnes Koparverk i Seljord. Om han kom til å nytte denne retten er uvisst. Det var den dansk-norske kong Christian III som starta gruvedrifta her i 1538. Han tilkalla tyske bergmenn frå Sachsen for å setje i gang gruvedrift i stor skala og det var koppar og sølv som vart utvunne. Truleg var ikkje gruvedrifta så inntektsbringande som ein hadde håpa på, og drifta vart innstilt i 1552.

Under kong Christian IV kom drifta i gang att, og varte frå kring 1604 til 1620. Den neste driftsbolken tok til i 1691 og varte til kring 1707. Det var Niels Justesen, ein rik kjøpmann frå Skien som forsøkte seg, men han tapa 8000 riksdalar på prosjektet. Deretter vart det stille på Gullnes i om lag eit halvt århundre, til bergmeisteren på Kongsberg, Adam Ziener, i 1759 tok opp drifta og køyrde mykje malm til smeltehytta på Kongsberg. Dette tok snart slutt, og neste som freista var arkscheider Christian Ziener og eit par andre som tok opp att drifta i 1780, men mot slutten av århundredet vart det nok ein gong slutt.

Fyrst hausten 1865 vart arbeidet tatt oppatt, som prøvedrift av eit engelsk parthavarlag som også dreiv Omdals verk i Skafså, og det var da vegen vart bygd fram til Sundsbarmvatnet. Det så ut til å gå bra på Gullnes no, men så gjekk koparprisane ned, og verket vart atter nedlagt våren 1870. I 1888 vart det for siste gang prøvd med gruvedrift på Gullnes, med ein arbeidsstyrke på 10 mann. Det vart roka på fine brot, men drifta vart likevel nedlagt og har sidan ikkje vore teke opp att. I dag ligg gruvene delvis under vatn ettersom Sundsbarmvatnet er demt opp.

Den fyrste norske dalaren, «Gimsøydalaren» vart prega av sylv frå Gullnes i 1546 på Gimsøy kloster i Skien.

Kjelder


Koordinater: 59.48139° N 8.62030° Ø