Gjert Geelmuyden (1704–1764): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:
Geelmuyden var huslærar hjå sokneprest [[Christen Heiberg]] i [[Sogndal]] 1725-1727 og hjå overauditør [[Peder Brønlund]] i [[Nesna]] 1730-1733.
Geelmuyden var huslærar hjå sokneprest [[Christen Heiberg]] i [[Sogndal]] 1725-1727 og hjå overauditør [[Peder Brønlund]] i [[Nesna]] 1730-1733.


24. oktober 1733 vart Geelmuyden personleg kapellan i [[Leikanger]] prestegjeld. Hausten 1740 kom han så til [[Jostedal|Jostedalen]] som var utan prest etter at [[Rasmus Wibye]] hadde reist til København våren 1738. Geelmuyden styrte prestekallet i Jostedalen fram til våren 1742 då [[Matthias Foss]] overtok. Han var såleis vikarpresten som var lengst i bygda i desse åra.
24. oktober 1733 vart Geelmuyden personleg kapellan i [[Leikanger]] prestegjeld hjå sokneprest [[Iver Iversen Leganger]]. Hausten 1740 kom han så til [[Jostedal|Jostedalen]] som var utan prest etter at [[Rasmus Wibye]] hadde reist til København våren 1738. Geelmuyden styrte prestekallet i Jostedalen fram til våren 1742 då [[Matthias Foss]] overtok. Han var såleis vikarpresten som var lengst i bygda i desse åra.


Det var såleis Geelmuyden som møtte på skulemøtet i [[Solvorn]] 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.<ref>Statsarkivet i Bergen. Bjørgvin biskop. Rekneskapssaker nr. 13, Skulefundasar.</ref>
Det var såleis Geelmuyden som møtte på skulemøtet i [[Solvorn]] 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.<ref>Statsarkivet i Bergen. Bjørgvin biskop. Rekneskapssaker nr. 13, Skulefundasar.</ref>

Sideversjonen fra 13. nov. 2010 kl. 22:35

Gert Geelmuyden (Geert, Gerhard) (fødd 7. februar 1704 i Bergen, død i Leikanger 24. jul 1764) var son av kjøpmann Gjert Geelmuyden i Bergen. Han vart student i 1723 og cand.theol. i 1728.

Geelmuyden var huslærar hjå sokneprest Christen Heiberg i Sogndal 1725-1727 og hjå overauditør Peder Brønlund i Nesna 1730-1733.

24. oktober 1733 vart Geelmuyden personleg kapellan i Leikanger prestegjeld hjå sokneprest Iver Iversen Leganger. Hausten 1740 kom han så til Jostedalen som var utan prest etter at Rasmus Wibye hadde reist til København våren 1738. Geelmuyden styrte prestekallet i Jostedalen fram til våren 1742 då Matthias Foss overtok. Han var såleis vikarpresten som var lengst i bygda i desse åra.

Det var såleis Geelmuyden som møtte på skulemøtet i Solvorn 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd.[1]

I 1745 var Geelmuyden i København og fekk då lovnad på sokneprestemebetet i Leikanger, som han overtok i 1750 og hadde så lenge han levde.

Geelmuyden gifte seg 22. oktober 1738 med Barbro Marie Leganger, dotter av sokneprest i Leikanger Iver Iversen Leganger. Ho døydde i 1801, og dei skal ha fått seks born i lag. Den yngste dotter Barbro Marie Geelmuyden vart kring 1782 gift med Joachim Schweder Bang, som frå 1781 og nokre år framover var fut i Indre Sogn.

Notar

  1. Statsarkivet i Bergen. Bjørgvin biskop. Rekneskapssaker nr. 13, Skulefundasar.

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 67. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 330. (Digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Hans Grøn 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Matthias Foss