Gjert Geelmuyden (1704–1764)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. nov. 2010 kl. 13:31 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Gert Geelmuyden''' (fødd 7. februar 1704 i Bergen, død i Leikanger 24. jul 1764) var son av kjøpmann Gjert Geelmuyden i Bergen. Han vart student i 1723 og cand.theol. i 1728. …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gert Geelmuyden (fødd 7. februar 1704 i Bergen, død i Leikanger 24. jul 1764) var son av kjøpmann Gjert Geelmuyden i Bergen. Han vart student i 1723 og cand.theol. i 1728.

Geelmuyden var huslærar hjå sokneprest Christen Heiberg i Sogndal 1725-1727 og hjå overauditør Peder Brønlund i Nesna 1730-1733.

24. oktober 1733 vart Geelmuyden personleg kapellan i Leikanger prestegjeld. Hausten 1740 kom han så til Jostedalen som var utan prest etter at Rasmus Wibye hadde reist til København våren 1738. Grøn styrte prestekallet i Jostedalen fram til våren 1742 då Matthias Foss overtok. Han var såleis vikarpresten som var lengst i bygda i desse åra.

I 1745 var Geelmuyden i København og fekk då lovnad på sokneprestemebetet i Leikanger, som han overtok i 1750 og hadde så lenge han levde.

Hans Grøn (fødd kring 1709, død 1745 i København) var son av Johan Grøn, sokneprest i Stjørdal. Han vart student i 1739 og sidan cand.theol. før han 16. april 1734 vart personleg kapellan i Vik for sokneprest og prost Anders Daae. Her gifte han seg 12. september 1736 med Christine Daae, som var dotter av soknepresten og dotterdotter av tidlegare sokneprest i Vik Ludvig Munthe (1657-1708).

Den 29. desember 1738 vart Hans Grøn pålagd av biskop Oluf Bornemann å gjere presteteneste i Jostedalen, som då hadde vore utan fast prest sidan Rasmus Wibye forlet bygda og drog til København våren 1738. Hans Grøn og huslyden flytte til Jostedalen og vart buande her fram til august 1739.

I august 1739 flytte Hans og Christine Grøn attende til Vik. Han tok på eit tidspunkt avskil herifrå og reiste til København, der han døydde i 1745.

Hans og Christine Grøn fekk fire gutar, som alle vart teologar. Christine vart buande i Vik til ho døydde i 1782.

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 67. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 330. (Digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Hans Grøn 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Matthias Foss