Grostulhaugane (veg i Bø i Telemark)

Sideversjon per 3. jan. 2020 kl. 17:30 av Rool (samtale | bidrag)

Grostulhaugane er ein hytteveg på Lifjell i i Midt-Telemark kommune. Den går vestover frå Grostulvegen og gjer ein krapp sving austover og ender blindt i hyttefeltet.

Grostulhaugane sett austover med nr. 7, 9 og 11.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen er 230 m lang og fekk namn etter stulen Grostul i 2013. Det ligg 12 hyttetomter attmed vegen, og pr. 2018 er det bygd på åtte av dei. Utbygginga starta kring 2010.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bø kommune, Utval for plan, teknikk og næring sak 102/13.


Koordinater: 59.47620° N 8.99993° Ø