Gudbrandsdalens folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gudbrandsdalens folkehøgskule var i verksemd frå 1902-1987. Dei fyrste åra hadde han tilhald på garden Vik i Kvam i Nord-Fron, men i 1915 vart han flytta til Hundorp i Sør-Fron. Skulen var driven i grundtvigiansk ånd, og følgde opp tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalen folkehøgskule er uløyseleg knytt til familien Stauri i to generasjonar, ekteparet Rasmus og Lise Stauri og deira son Are og kone Dagny samanhengande i meir enn 70 år.

Oppstarten og tida i Kvam 1902-1915

Grunnleggjar og fyrste styrar for skulen var Rasmus Stauri (1867-1932) opphavleg frå Stryn. Han var lærarutdanna, og hadde mange års erfaring som lærar frå folkeskule, framhaldsskule og folkehøgskule før han sette i gang med sin eigen folkehøgskule. Han fortel sjølv at han var oppmuntra til dette mellom andre av Sven Moren og redaktør Johan Filseth i Gudbrandsdølen.

Det byrja i leigde lokale på Vik i Kvam hausten 1902. Lokala var skaffa til vegar av kyrkjesongar J. Sætre i Kvam, som var ein god støttespelar for Stauri. Stauri arrangerte eit folkemøte om saka i august det året, der det møtte om lag 300 personar, og skulen fekk god søkning alt frå starten av. Nedre aldersgrense var 17 år. Det var 40 elevar på det fyrste kurset, som starta 13. oktober oktober og vara i seks månader. I det fyrste tiåret gjekk i alt 403 elevar ved skulen, derav 145 jenter. Dei aller fleste var gudbrandsdølar, men det kom også elevar langvegs frå, frå Stavanger, Skånevik, Østerdalen, Danmark. Det var ikkje internat ved skulen, så elevane budde på hybel på gardane i nærleiken.

Lærarane var ved sida av Stauri sjølv, cand. filos. Idius Nybø og Lise Høie (seinare Stauri).

Det fyrste året vart drive utan offentleg støtte. Elevane betalte kr. 5 pr. månad i skulepengar, men det var «fripladse for umbemidlede», som det heitte i utlysinga. Deretter mottok skulen tilskot frå stat, kommune og fylke på linje med andre slike skular.

Dei fyrste åra var det berre vinterkurs. Men i 1908 var det gjennomført eit to månaders praktisk «jentekurs» på vår/sommarstid. Desse jentekursa heldt fram etter at skulen kom til Hundorp, og vart regelbunde haldne til utpå 1960-talet.