Gudrun Laland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Gudrun Laland.
Foto: Henta frå Studentene fra 1924 (1952)

Gudrun Laland (fødd 25. mars 1900, død 2. april 2002) var lærar og dessutan veldig interessert i botanikk og musikk. Laland, som var busett i Time kommuneJæren, reiste rundt med opplesingar og kåseri, noko som ga ho kulturprisen for Time og fylkeskulturprisen for Rogaland. Ho var òg ei ihuga nynorskkvinne.

Laland vaks opp på Bryne, som dotter av kjøpmann Johan Garman Laland (1863-1917) og Kirsten Johnsdotter, født Hognestad (f.1876). Gudrun Laland, som var den eldste av fem sysken, sa sjølv at ho var den første jenta på Bryne som fekk sykkel. «Ho sette seg oppå, rann ned Saronsbråtet og inn i ein husvegg». Ho tok gymnaset i Kristiania i 1924 og reiste etterpå til Frankrike som au pair. Seinare vart ho sett inn som vikar ved den nye gymnaset på Bryne. Stord lærarskule tok ho etterpå (1927), og ho arbeidde som lærar til ho var 62 år. Frå 1928 til 1932 arbeidde ho på Nærbu skule, seinare ved Hognestad skule i Time. Laland underviste mellom anna i engelsk. Under krigen såg ho det som si oppgåve å høyre på nyheitssendingane på radio, noko som var ulovleg, og ho gjekk etterpå rundt blant skyldfolk og grannar og spreidde nyheitene.

Gudrun Laland var ugift, men faster for heile familien. Ho var glad i å reise, og drog mellom anna til Hellas lenge før det vart vanleg å reise til «Syden». Så spesielt var dette at Laland heldt lysbildeforedrag i 40 foreiningar om turen. Ho budde heime til ho var 97, og som 100-åring vart ho intervjua av Stavanger Aftenblad. Der fortalte ho mellom anna at ho ikkje kunne lesa lenger. «Men ho saknar jenta som arbeidde her og som las Agatha Christie for henne på engelsk. Ho har sagt ho skal koma att.»

Kilder og litteratur

Eksterne lenker


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.