Guro Tråstad: Forskjell mellom sideversjoner
(FT-lenkjer mm.) |
m ({{nn}}) |
||
(2 mellomliggende revisjoner av samme bruker vises ikke) | |||
Linje 3: | Linje 3: | ||
Foreldra var Jon Kristensen Tråstad (f. 1842) og ektefelle Rønnaug Iversdotter Kummen (fødd 1850). Dei var gardbrukarar på Nedre Tråstad i Reppen i Skjåk.</onlyinclude> | Foreldra var Jon Kristensen Tråstad (f. 1842) og ektefelle Rønnaug Iversdotter Kummen (fødd 1850). Dei var gardbrukarar på Nedre Tråstad i Reppen i Skjåk.</onlyinclude> | ||
<ref>{{folketelling | <ref>{{folketelling|pf01037079001834|Guro Jonsdatter Traastad|1900|Skjåk herred|nn}}.</ref><onlyinclude> I tillegg til folkeskulen i Skjåk og truleg framhaldsskule i Skjåk eller Lom, hadde Guro gått på [[Voss folkehøgskule]] hjå [[Lars Eskeland]]. Det var vinteren 1911-1912. Ho gjekk også ved [[Musikkonservatoriet i Kristiania]].</onlyinclude> På folketeljingstidspunktet 1910 er ho registrert som «skolelev» buande hjå systera Marit i [[Marlo skule]], der Marit hadde telefonsentralen og samstundes var vaktmeister.<ref>{{folketelling|pf01036426000994|Guro Jonsdatter Traastad|1910|Skjåk herred|nn}}.</ref> Det framgår ikkje kva skule ho var elev på ved det tidspunktet. | ||
Frå 1917 og i nær 40 år deretter verka ho som organist ved [[Skjåk kyrkje]]. Ho spela også [[langleik]]. Ho var oppglødd for historie og kulturvern, og arbeidde i fleire år som omvisar på [[Norsk folkemuseum]] og på [[Maihaugen]]. | Frå 1917 og i nær 40 år deretter verka ho som organist ved [[Skjåk kyrkje]]. Ho spela også [[langleik]]. Ho var oppglødd for historie og kulturvern, og arbeidde i fleire år som omvisar på [[Norsk folkemuseum]] og på [[Maihaugen]]. | ||
Linje 25: | Linje 25: | ||
*''Ættebok for Skjåk'' bd. I, side 174, spalte 1 | *''Ættebok for Skjåk'' bd. I, side 174, spalte 1 | ||
*''UL Fram 100 år 1898-1998'' (hefte utgjeve av laget) | *''UL Fram 100 år 1898-1998'' (hefte utgjeve av laget) | ||
==Eksterne lenkjer== | |||
* {{hbr1-1|pf01036426000994|Guro Tråstad}}. | |||
{{DEFAULTSORT:Tråstad, Guro}} | {{DEFAULTSORT:Tråstad, Guro}} | ||
Linje 33: | Linje 37: | ||
[[Kategori:Kvinnesak]] | [[Kategori:Kvinnesak]] | ||
{{F1}} | {{F1}} | ||
{{Kvinner i lokalhistoria}} | |||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 25. jan. 2016 kl. 13:45
Guro Tråstad (fødd i Skjåk 28. februar 1891, død på Lom Helseheim 14. mai 1967) var organist og aktiv innan kulturvern og ungdomslagsarbeid. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928.
Foreldra var Jon Kristensen Tråstad (f. 1842) og ektefelle Rønnaug Iversdotter Kummen (fødd 1850). Dei var gardbrukarar på Nedre Tråstad i Reppen i Skjåk. [1] I tillegg til folkeskulen i Skjåk og truleg framhaldsskule i Skjåk eller Lom, hadde Guro gått på Voss folkehøgskule hjå Lars Eskeland. Det var vinteren 1911-1912. Ho gjekk også ved Musikkonservatoriet i Kristiania. På folketeljingstidspunktet 1910 er ho registrert som «skolelev» buande hjå systera Marit i Marlo skule, der Marit hadde telefonsentralen og samstundes var vaktmeister.[2] Det framgår ikkje kva skule ho var elev på ved det tidspunktet.
Frå 1917 og i nær 40 år deretter verka ho som organist ved Skjåk kyrkje. Ho spela også langleik. Ho var oppglødd for historie og kulturvern, og arbeidde i fleire år som omvisar på Norsk folkemuseum og på Maihaugen.
Særleg var ho ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid. Ho var med i styret for UL Fram i heimbygda seinast frå 1916 og fram til 1928. Ho var leiar 1916-1917 og 1919-1921, og var elles ein trufast støttespelar så lenge ho hadde helse til det. Ho var æresmedlem i laget.
Guro Tråstad var litterært interessert, og skreiv mellom anna små skodespel til framføring i ungdomslaget. Eit av desse var «Truverdige ektefolk» framført 1940, eit anna var «Eit møte på vegen», framført i 1941. Ho instruerte sine eigne stykke, og vart truleg nytta som instruktør også for andre oppsetningar. Ho skreiv også dikt, og var også ein mykje brukt prologskrivar ved festlege samkomer og høgtider i bygda.
Fråsett den tida ho var utanbygds på skule eller i arbeid, budde Guro Tråstad stort sett på heimegarden Nedre Tråstad, som den nemnde systera Marit overtok etter foreldra og dreiv saman med mannen Jo Slettom. Iallfall i seinare år, etter at nevøen Jonas og familien hadde overteke garden, hadde ho ei stove for seg sjølv på garden. Guro Tråstad levde ugift heile livet.
Referansar
- ↑ Guro Jonsdatter Traastad i folketeljinga 1900 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.
- ↑ Guro Jonsdatter Traastad i folketeljinga 1910 for Skjåk herred frå Digitalarkivet.
Kjelder og litteratur
- Folketeljinga 1900
- Folketeljinga 1910
- Nekrolog i Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg, juni 1967.
- Omtale på 50-årsdagen i Laagen 24.2.1941.
- Ættebok for Skjåk bd. I, side 174, spalte 1
- UL Fram 100 år 1898-1998 (hefte utgjeve av laget)