Guttorm Johannesson Nigard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
(Kategoriar med meir)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Guttorm Johannesson Nigard]]''' (fødd ca 1689, gravlagd 15. oktober 1741) var gardbrukar på [[Nigard (Jostedalen)|Nigard]] i [[Jostedalen]] i [[Sogn og Fjordane]]. Guttorm og huslyden hans mellom dei som vart verst råka av øydeleggingane til breane under den vesle istida.
'''[[Guttorm Johannesson Nigard]]''' (fødd ca 1689, gravlagd 15. oktober 1741) var gardbrukar på [[Nigard (Jostedalen)|Nigard]] i [[Jostedalen]], i noverande [[Luster kommune]]. Guttorm og huslyden hans var mellom dei som vart verst råka av øydeleggingane til breane under den vesle istida.

Guttorm var son av Johannes Guttormson Nigard (ca 1661-1733) frå [[Stryn]] og Lukris Findsdotter (ca 1664-ca 1741) som ein ikkje veit kvar kom ifrå. Dei fekk bygselbrev på Nigard i 1686, så Guttorm voks opp her.

Linje 5: Linje 5:
Guttorm gifte seg kring 1727 med Rannei Finnsdotter (ca 1699-ca 1760) frå [[Kreken (Jostedalen)|Kreken]], dotter av gardbrukar og kyrkjeombodsmann [[Finn Olson Kjeppe]] og Anna Jetmundsdotter. Guttorm og Ranneig busette seg truleg i Nigard då ei gifte seg og dreiv bruket sjølv eller mest truleg (frå 1737) i lag med Guttorm sin bror [[Finn Johannesson Nigard]] og kona hans Siri Finnsdotter, som var syster til Rannei.

Guttorm tok på hausttinget 16. november 1735 opp eit tingsvitne som er ei viktig kjelde til øydeleggingane som den framrykkande [[Nigardsbreen]] valda. Her vitnar allmugen at både den "fattige Mand" Guttorm og forgjengarane hans på garden årleg har måtte tigge både brød og såkorn, og at dei heller ikkje har vore god for å betale landskyld til eigaren [[Christopher Munthe]] på årevis. Grunnen er at Nigardsbreen har øydelagt mest all beite- og slåttemark, og at avlingane på resten av garden hadde svikta på grunn av kulden frå breen. Breen låg på dette tidspunktet berre "et steen kast" frå gardshusa.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1149 Tingsvitne om skade i Mjølver 1735] (Jostedal historielag)</ref>
Guttorm tok på [[haustting]]et 16. november 1735 opp eit tingsvitne som er ei viktig kjelde til øydeleggingane som den framrykkande [[Nigardsbreen]] valda. Her vitnar allmugen at både den "fattige Mand" Guttorm og forgjengarane hans på garden årleg har måtte tigge både brød og såkorn, og at dei heller ikkje har vore god for å betale landskyld til eigaren [[Christopher Munthe]] på årevis. Grunnen er at Nigardsbreen har øydelagt mest all beite- og slåttemark, og at avlingane på resten av garden hadde svikta på grunn av kulden frå breen. Breen låg på dette tidspunktet berre "et steen kast" frå gardshusa.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1149 Tingsvitne om skade i Mjølver 1735] (Jostedal historielag)</ref>

Det skulle ikkje gå lang tid før det ikkje var buande i Nigard. I 1742 heiter det at garden vart fråflytt fire år tidlegare (1738),<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1146 Avtaksforretningar i Jostedalen 1742] (Jostedal historielag)</ref> og det er uvisst kvar Guttorm og Rannei budde dei siste tre åra Guttorm levde. Ranneig skal ha vore innerst i [[Li (Jostedalen)|Li]] nokre år før ho i 1746 flytte frå Jostedalen.

Linje 21: Linje 21:
==Litteratur==
==Litteratur==
*Øyane, Lars E. (1994). ''Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.''  (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 614. ([http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008020701034 Digital utgåve, NBdigital])

{{DEFAULTSORT:NIGARD; GUTTORM J.}}

[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Gardbrukere]]
[[kategori:Luster kommune]]
[[kategori:Luster kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1689]]
[[Kategori:Dødsfall i 1741]]
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 19. des. 2019 kl. 09:56

Guttorm Johannesson Nigard (fødd ca 1689, gravlagd 15. oktober 1741) var gardbrukar på Nigard i Jostedalen, i noverande Luster kommune. Guttorm og huslyden hans var mellom dei som vart verst råka av øydeleggingane til breane under den vesle istida.

Guttorm var son av Johannes Guttormson Nigard (ca 1661-1733) frå Stryn og Lukris Findsdotter (ca 1664-ca 1741) som ein ikkje veit kvar kom ifrå. Dei fekk bygselbrev på Nigard i 1686, så Guttorm voks opp her.

Guttorm gifte seg kring 1727 med Rannei Finnsdotter (ca 1699-ca 1760) frå Kreken, dotter av gardbrukar og kyrkjeombodsmann Finn Olson Kjeppe og Anna Jetmundsdotter. Guttorm og Ranneig busette seg truleg i Nigard då ei gifte seg og dreiv bruket sjølv eller mest truleg (frå 1737) i lag med Guttorm sin bror Finn Johannesson Nigard og kona hans Siri Finnsdotter, som var syster til Rannei.

Guttorm tok på hausttinget 16. november 1735 opp eit tingsvitne som er ei viktig kjelde til øydeleggingane som den framrykkande Nigardsbreen valda. Her vitnar allmugen at både den "fattige Mand" Guttorm og forgjengarane hans på garden årleg har måtte tigge både brød og såkorn, og at dei heller ikkje har vore god for å betale landskyld til eigaren Christopher Munthe på årevis. Grunnen er at Nigardsbreen har øydelagt mest all beite- og slåttemark, og at avlingane på resten av garden hadde svikta på grunn av kulden frå breen. Breen låg på dette tidspunktet berre "et steen kast" frå gardshusa.[1]

Det skulle ikkje gå lang tid før det ikkje var buande i Nigard. I 1742 heiter det at garden vart fråflytt fire år tidlegare (1738),[2] og det er uvisst kvar Guttorm og Rannei budde dei siste tre åra Guttorm levde. Ranneig skal ha vore innerst i Li nokre år før ho i 1746 flytte frå Jostedalen.

Ranneig hadde eitt born med ein ukjend Ole før ho gifte seg:

  • Finn Olson (1725-1771), som vart gardbrukar i Leirholen i Hafslo

Guttorm og Rannei fekk tre born, og to voks opp:

  • Anna Guttormsdotter (ca 1728-?), som fekk dødsstraff for å ha fødd i dølgsmål, men vart benåda og kanskje send til tukthuset i Bergen. Ho levde framleis i 1771.
  • Rasmus Guttormson (ca 1731-?), som flytte til Nordmøre der han framleis levde i 1771.

Notar

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 614. (Digital utgåve, NBdigital)