Hallingdalselve: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(korr.)
Linje 3: Linje 3:
'''[[Hallingdalselve]]''' renn gjennom [[Hallingdal]], og er hovudelva i [[Hallingdalsvassdraget]]. Ho er 220 km lang, og har eit nedslagsfelt på 4587 km². Namnet er enkelt nok, det kjem frå dalføret elva renn gjennom. Skrivemåte ''-elve'' heng saman med målføret i øvre delen av Hallingdal. Lenger ned langs elva seier dei fleste no ''-elva''. Historisk har ho også blitt kalla Hallingdalsåni og Storåne.
'''[[Hallingdalselve]]''' renn gjennom [[Hallingdal]], og er hovudelva i [[Hallingdalsvassdraget]]. Ho er 220 km lang, og har eit nedslagsfelt på 4587 km². Namnet er enkelt nok, det kjem frå dalføret elva renn gjennom. Skrivemåte ''-elve'' heng saman med målføret i øvre delen av Hallingdal. Lenger ned langs elva seier dei fleste no ''-elva''. Historisk har ho også blitt kalla Hallingdalsåni og Storåne.


Elva oppstår i [[Hol kommune]] der [[Usteåne]] frå [[Ustavatnet]] møter [[Holselva (Hol)|Holselva]] frå [[Holsfjorden (Hol)|Holsfjorden]]. Rett etter utvidar elva seg til [[Strandafjorden (Ål)|Strandafjorden]] i [[Ål kommune]]. Ho renn så vidare mot nordaust til [[Gol (Buskerud)|Gol]], og svinger så mot søraust gjennom Hallingdal. Sør for Nesbyen utvidar elva seg til [[Brommafjorden]]. Elva renn så ut i [[Krøderen (innsjø)|Krøderen]]. Nedafor Krøderen kallast elva [[Snarumselva]], som ved [[Geithus]] renn saman med [[Drammenselva]]. Blant elver som renn inn i Hallingdalselve kan nemnast [[Votna (Hallingdal)|Votna]], [[Lya (Hallingdal)|Lya]], [[Hemsil (Hallingdal)|Hemsil]], [[Todøla]] og [[Rukkedøla]].  
Elva oppstår i [[Hol kommune]] der [[Usteåne]] frå [[Ustavatnet|Ustevatnet]] møter [[Holselva (Hol)|Holselva]] frå [[Holsfjorden (Hol)|Holsfjorden]]. Rett etter utvidar elva seg til [[Strandafjorden (Ål)|Strandafjorden]] i [[Ål kommune]]. Ho renn så vidare mot nordaust til [[Gol (Buskerud)|Gol]], og svinger så mot søraust gjennom Hallingdal. Sør for Nesbyen utvidar elva seg til [[Brommafjorden]]. Elva renn så ut i [[Krøderen (innsjø)|Krøderen]]. Nedanfor Krøderen kallast elva [[Snarumselva]], som ved [[Geithus]] renn saman med [[Drammenselva]]. Blant elver som renn inn i Hallingdalselve kan nemnast [[Votna (Hallingdal)|Votna]], [[Lya (Hallingdal)|Lya]], [[Hemsil (Hallingdal)|Hemsil]], [[Todøla]] og [[Rukkedøla]].  


Særlig nord for Gol er det sterkt fall, og her finn ein fleire kraftverk.  
Særlig nord for Gol er det sterkt fall, og her finn ein fleire kraftverk.  

Sideversjonen fra 26. nov. 2021 kl. 07:39

På dette kartet kan ein følgje Hallingdalselve frå lengst vest i Hol og ned til Krøderen lengst sør i Flå.
Hallingdalselve ved Gol.
Foto: Marthinius Skøien (1880–1910).

Hallingdalselve renn gjennom Hallingdal, og er hovudelva i Hallingdalsvassdraget. Ho er 220 km lang, og har eit nedslagsfelt på 4587 km². Namnet er enkelt nok, det kjem frå dalføret elva renn gjennom. Skrivemåte -elve heng saman med målføret i øvre delen av Hallingdal. Lenger ned langs elva seier dei fleste no -elva. Historisk har ho også blitt kalla Hallingdalsåni og Storåne.

Elva oppstår i Hol kommune der Usteåne frå Ustevatnet møter Holselva frå Holsfjorden. Rett etter utvidar elva seg til Strandafjorden i Ål kommune. Ho renn så vidare mot nordaust til Gol, og svinger så mot søraust gjennom Hallingdal. Sør for Nesbyen utvidar elva seg til Brommafjorden. Elva renn så ut i Krøderen. Nedanfor Krøderen kallast elva Snarumselva, som ved Geithus renn saman med Drammenselva. Blant elver som renn inn i Hallingdalselve kan nemnast Votna, Lya, Hemsil, Todøla og Rukkedøla.

Særlig nord for Gol er det sterkt fall, og her finn ein fleire kraftverk.

Litteratur