Hallingdalselve: Forskjell mellom sideversjoner
(korr.) |
m (Teksterstatting – «\* {{kartverket\|([0-9]*)}}» til «») |
||
Linje 10: | Linje 10: | ||
* {{WP-lenke|Hallingdalselva|nb}} | * {{WP-lenke|Hallingdalselva|nb}} | ||
[[Kategori:Elver og bekker]] | [[Kategori:Elver og bekker]] |
Sideversjonen fra 12. jan. 2024 kl. 13:05
Hallingdalselve renn gjennom Hallingdal, og er hovudelva i Hallingdalsvassdraget. Ho er 220 km lang, og har eit nedslagsfelt på 4587 km². Namnet er enkelt nok, det kjem frå dalføret elva renn gjennom. Skrivemåte -elve heng saman med målføret i øvre delen av Hallingdal. Lenger ned langs elva seier dei fleste no -elva. Historisk har ho også blitt kalla Hallingdalsåni og Storåne.
Elva oppstår i Hol kommune der Usteåne frå Ustevatnet møter Holselva frå Holsfjorden. Rett etter utvidar elva seg til Strandafjorden i Ål kommune. Ho renn så vidare mot nordaust til Gol, og svinger så mot søraust gjennom Hallingdal. Sør for Nesbyen utvidar elva seg til Brommafjorden. Elva renn så ut i Krøderen. Nedanfor Krøderen kallast elva Snarumselva, som ved Geithus renn saman med Drammenselva. Blant elver som renn inn i Hallingdalselve kan nemnast Votna, Lya, Hemsil, Todøla og Rukkedøla.
Særlig nord for Gol er det sterkt fall, og her finn ein fleire kraftverk.