Hals (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. mai 2014 kl. 07:51 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kategorirydding)
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå Hals.

Hals
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Aure
Gnr.: 225
Postnummer: 6590

Mal:Thumb høyre Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Sålåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I sørvest grensar garden mot Ersvika.

Gardsbruk

Bnr. 1: Oppistua

Oppistua sett frå Sålåsundet.
Foto: Olve Utne

I Skattematrikkelen 1647 står Michell Hals nemnt med 3 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står kongen med 1 spd. skyld.


Bnr. 2: Bukta

Bnr. 3: Halsbogen

Sjølve Halsbogen er ei lita bukt med eit smalt nes utanom.
Foto: Olve Utne
Halsbogen søndag den 26. april 1931. Kvinna som sitt på stolen er Johanna H. Halsbog, f. Enge (1877–1955). Dei som står attom er, frå venstre mot høgre, Johan (f. 1916), Ågot (f. 1908), Peder (f. 1913), Anna Stokke (frå Valsøyfjorden?) og Aslaug (f. 1911).

Første gongen vi veit at det budde folk i Halsbogen var i 1836, da Erik E. Vågland (1808–18??) frå Ytre Vågland i Halsa byksla bruket som husmannsplass. Han og kona, Ildri Johannesdt. Korsnes (1816–1870), hadde ni born saman, men berre fem av dei voks opp. I folketeljinga i 1865 står Halsbogen registrert med tre kyr, 16 sauer og ein gris. Det vart sådd 2 tynner havre og sett ei tynne potetar.

Halsbogen vart frådelt Oppistua (bnr. 1) ved skylddeling den 20. september 1873. Kjøparen vart geitbåtbyggjaren Martinus P. Lystad (1840-1901) frå Ljustad på Tustna. Han og kona, Anne Johansdt. Vaagen (1836–1924), fekk fire born saman. Sonen Albert M. Halsbog (1870–1936) tok over garden i 1901. Han og kona, Johanna H. Enge (1877–1955) frå Engjan i Valsøyfjorden, fekk seks born saman. I tillegg til gardsdrifta dreiv dei med noko kleppfisktørking, og nokre få år dreiv dei òg handel, men med lite inntekt. Dei overdrog Halsbogen til sonen Peder, som i sin tur selde til bror sin Halvard i 1938. Halvard A. Halsbog (1904–1983) gifta seg med Gudrun Danielsdt. Hagerup (1904–1979), dotter av bildehoggaren Daniel Hagerup, i 1939. Dei fekk to born, og etterslekta deira eig framleis garden.


Bnr. 4: Halsmyra (òg kalla Haugen)

Bnr. 5: Stranda

Stranda.
Foto: Olve Utne


Bnr. 6: Søstua

Søstua sett frå Sålåsundet.
Foto: Olve Utne


Bnr. 7: Bortistua

Bortistua med Stamparhaugen og Tuvå i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne


Bnr. 8: Nesset

Bnr. 9: Dalan (Dalen)

Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (Mal:NA), ["dɑɽɔ] (Mal:D)) vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk.

Bnr. 10: Slettet

Slettet (dial. ['ʃlet:ɛ] dativ ["ʃlet:a]), som opphavleg hørte til b.nr. 6 (Søstua), vart tidleg slege saman med b.nr. 4 (Steinteigen) under g.nr. 24 (Innersetra). Innanfor den halvparten av bruket som hørte til Søstua vart det òg bygd skule i 1890-åra. Denne skulen vart nedlagt i 1972, men skulehuset står framleis der og blir bruka som skulemuseum.


Bnr. 11: Haugen (Sollien)

Marie Isaksdt. Kalland.

Bruket «Sollien», oftast kalla «Haugen» (uttale: [hʌ:’n] (Mal:NA), ['hʌ:ja] (Mal:D)) vart frådelt bnr. 1 (Oppistua) ved skylddeling i 1899, men skøytet vart først gjeve i 1918. Kjøparen, som òg bygde husa her, var Edvard Andersson frå Vullum i Halsa. Han og kona, Marie Isaksdt. Kalland (f. 1856) selde bruket i 1923 og flytta til Gullstein.

Peder A. Ersvik (18911977) frå Ersvika kjøpte bruket i oktober 1923. Han var gift med Gurå Olsdt. Brakstad (1896– * ). Slekta deira eig framleis gardsbruket.


Bnr. 12: Bjørkheim

Bnr. 14: Glemmen

Huset i Glemmen. Butikken låg i sokkeletasjen.
Foto: Olve Utne

Marit K. Halsnes (1916200?) frå Stranda (bnr. 5) og Einar A. Widding (19162008) fekk frådelt denne eigedommen frå Stranda og bygde hus med butikk i sokkeletasjen her. Dei flytta inn i 1952. Butikken, Soleimsund handel, dreiv dei fram til 1. mai 1982.

Bruk utan bruksnummer

  • Tåa
  • Iverteigen

Kjelder

Mal:Portal