Halvor Larson Faaberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. okt. 2010 kl. 12:07 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Halvor Larson Faaberg''' (fødd 8. mars 1829, død 20. januar 1929), var frå garden Øvre Fåberg i Jostedalen. Han gifte seg med Anna Olsdotter frå garden Berget i Fåber…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Halvor Larson Faaberg (fødd 8. mars 1829, død 20. januar 1929), var frå garden Øvre Fåberg i Jostedalen. Han gifte seg med Anna Olsdotter frå garden Berget i Fåberg 3. juli 1854. Dei budde på Øvre Fåberg, og 4. juni 1873 fekk Halvor skøyte på heimebruket hjå bror sin. Han skøytte i 1918 garden til sonen Ola og vart buande her til han døydde mest hundre år gamal.

Halvor L. Faaberg var lærar og klokkar i Jostedalen i over 40 år, frå 1856 til 1898.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 723. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Johannes Halvorson Vamberg 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Anders Hjellum