Handspikvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. jan. 2013 kl. 09:45 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Handspikvegen''' er eit vegprosjekt som aldri har vorte realisert. Planen har vore å byggje veg frå Jostedalen i Sogn og Fjordane til Skjåk i Oppland over [[Han...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Handspikvegen er eit vegprosjekt som aldri har vorte realisert. Planen har vore å byggje veg frå Jostedalen i Sogn og Fjordane til Skjåk i Oppland over Handspiki, som vil vere det høgste punktet på vegen (ca 1400 m.o.h.).

Det har vore kontakt mellom Jostedalen og Skjåk så lenge det har budd folk i bygdene, og ferdslevegen over Handspiki var den mest brukte. Det har såleis lenge vore planar om ein veg. Ein vegtrase vart stukken fyrste gong i 1852.

Seinare er det stukke jarnbanetrase over Handspiki to gonger, mellom anna i samband med den store jarnbaneplanen for Sogn og Fjordane kring 1920. I diskusjonane om trasevala for heilårsvegen over Strynefjellet i 1950- og 60-åra, var eitt alternativ å leggje vegen om Øy framanfor Fåbergstølen i Jostedalen og i tunnell under Handspiki til Bråtådalen i Skjåk.

Eit alternativ har vore ein sommarveg på bakken over Handspiki. Selskapet A/L Brevegen tok i 1960-åra initiativet til ein bompengefinansiert veg, og Kristen Bakken fekk til ei synfaring sommaren 1966. Overslaget lydde på anleggskostnader på 3,5 mill kr for den 24 km lange vegen frå Fåbergstølen til Mysubytta i Skjåk. Interimstyret i det planlagde selskapet A/L Handspikvegen fekk inn nær 1,6 mill kr i aksjekapital og lånetilsegn frå private og kommunar, men selskapet fekk avslag på søknaden til Distriktenes utbyggingsfond om eit lån på 2 mill kr.

I 1970- og 80-åra var spørsmålet om Handspikvegen særleg knytt til planane for kraftutbygginga i Breheimen. Det enda sist i 80-åra med Jostedal kraftverk, som var ei redusert utbygging i høve til dei mest omfattande planane. I diskusjonen om utbygginga vart det hevda at det største utbyggingsalternativet ville sikra bygging av Handspikvegen. Med anleggsvegen opp til Styggevatnet står det att ein veglaus strekning på kring 10 km i luftline.

Etter år 2000 kom det eit nytt initiativ frå reiselivsinteresser i Sogn for å få realisert vegen. Skepsis på Skjåk-sida gjorde at Luster kommune ikkje gjekk vidare med planane. Siste kapittel om Handspikvegen vart truleg skrive med opprettinga av Breheimen nasjonalpark (2009) som også dekkjer Handspiki-området. I verneprosessen var det knapt nokon som tok til orde for å gjere det mogleg å byggje Handspikvegen i framtida.

Kjelder