Hans Ingemann Kleven

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. feb. 2018 kl. 22:03 av Kiplesund (samtale | bidrag) (foto)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Ingemann Kleven (født 1. juni 1926Skui i Bærum, død 28. juli 2014) var jurist og politikar (Noregs Kommunistiske Parti). Han var elev ved Karl Marx-skulen i Berlin.

Hans I. Kleven
Foto: Wikimedia Commons/Jan Herdal

I 1959 tjenestegjorde Kleven som dommarfullmektig i Vardø. Han var nestleiar i NKP 1976-1982, leiar 1982-1987. Kleven var svært aktiv som marxistisk teoretikar, og skreiv fleire artiklar og bøker.

Hans I. Kleven vart medlem i NKP i 1945, gjennom kontakt med Egil Berg, som hadde vore aktiv i motstandsarbeid i regi av NKP under krigen. I 1950 vart både Kleven og Berg ekskluderte frå partiet, som ein del av prosessen mot den tidlegare partileiaren Peder Furubotn ("Furubotn-oppgjeret"). Desse eksklusjonane vart seinare oppheva.

I 1959 publiserte han den første boka si: "Fiskerne, deres problemer og framtid". Av andre bøker kan nemnast: "Er Norge til salgs? Norges nasjonale suverenitet - paragraf 93 og fellesmarkedet" (1961), "Klassestrukturen i det norske samfunnet" (1965), "Vår Strategi" (1974), "Vår Partiteori" (1974) og "Parti i flammer" (del I og II, 1990). I åra 2000-2005 publiserte Kleven tre bøker om norrøn arverett og samfunnsstruktur.

Intervju med Kleven på NRK i 1983

Kjelder