Hans Marius Grimstadmo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Marius Grimstadmo (fødd i Kristiania 10. april 1898, død i Skjåk 16. desember 1985) var gardsarbeidar, anleggsarbeidar og skogsarbeidar. Frå smågutalderen av budde han mest all sin dag i Skjåk. Livet vart nok ikkje så lett for han. Han hadde ein lite gunstig sosial utgangsposisjon som «lausunge» frå det fattigaste, jordlause arbeidarsjiktet i bygda. Og personlege tragediar som råka han og hans næraste gjorde liv og lagnad enn hardare.

Bakgrunn og familie

Hans Marius var fødd av ugifte foreldre, og mor og son budde aldri saman med faren. Mora var Hanna Torsteinsdotter Grimstadmo (1876– ca. 1907). Ho var fødd og oppvaksen i Skjåk, men hadde flytta til Kristiania der Hans Marius kom til verda. Gutebarnet vart heimedøypt ei veke etter fødselen, og dåpen vart stadfesta i Paulus kyrkjeGrünerløkka den 19. juni. Mora er i kyrkjeboka oppført som syerske («Sypige»), med adresse Helgesensgt. 9. Ho skreiv da namnet sitt Hanna Moe.

Barnefaren er registrert som Hans Gorset, fødd 1873, jernbanearbeidar. Ved dette tidspunktet heldt han til på BrandbuHadeland. Etternamnet og opplysningar andre stader frå tyder på at han var frå Oppdal i Trøndelag. Det har førebels ikkje lykkast å identifisere han nærare.

Mor til Hans Marius var sjølv fødd utanom ekteskap. Båe foreldra hennar var frå Skjåk. Ved dåpen hennar den 30. april 1876 er mora, Mari Olsdotter Bakke (fødd 1841? 1843?), tenestejente på Gullbakke. Barnefaren er Torstein (Tosten) Kvåle (f. 1838), gardbrukar på Nørdre Kvåle, men framleis ungkar 38 år gammal. Han gifta seg to år seinare med ei anna jente. Mari Olsdotter gifta seg aldri. Ho og dottera vart buande på Grimstadmoen, ein plass under Nordistun Grimstad i same grenda som Bakke og Gullbakke.

Hans Marius Grimstadmo levde sjølv ugift all sin dag, og skaffa seg aldri sin eigen heim,

Ein vanskeleg oppvekst

Hans Marius hadde dei fyrste barneåra sine dels hjå mor si i Kristiania, dels hjå bestemora i Skjåk. Han kom til Skjåk fyrste gongen da han var 1 ½ år gammal. Da han vart litt større, kunne mor hans ta seg av han att i Kristiania, og han byrja skulegangen på Lakkegata skole der. Hanna Moe bytte bustad mange gonger så lenge vi kan følgje henne i kjeldene 1898–1906, men berre innanfor dei typiske arbeidarstroka Grønland og Grünerløkka. Det var eit par ulike husnummer i Lakkegata, det var Øvre gate og Breigata, og altså Helgesens gate da guten hennar vart fødd. Ho har yrkestittelen «Sypige» eller «Syjomfru» i kyrkjeboka og adressebøkene. I folketeljinga 1900, da bur Hanna i Lakkegata 16, er yrket nærare forklart. Ho syr herreklede (bukser og vestar) for ein kjøpmann som lagerfører varene. Hans Marius er i same folketeljinga registrert hjå bestemora i Skjåk., men kom altså til mor si att da han nærma seg skulepliktig alder.