Hans Nestegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. feb. 2015 kl. 22:26 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Folketellinger)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans (Jørgen) Olson Nestegard (fødd 25/11-1885 på Nordre Nestegard, Hol kommune, død 19-?) var snikkar og fehandlar. På fritida verka han som amatørfotograf og spelemann. Han dreiv også med idrett, både som utøvande og som friviljug.

Hans Nestegard vaks opp på nordre Nestegard (16/15-16) i Holet. Foreldra var Ola Sveinson (1842-1911) frå nordre Holto og Guri Aslesdotter Strand (1853-1909), båe frå Ål. Dei hadde åtte born. Den eldste av dei, Svein (1879-1962), overtok garden i 1911. I 1918 kjøpte han også nordre Holshagen på skifteauksjon, men denne overdrog han til Hans, som igjen selde til ein yngre bror, Torleiv, allereie to år seinare.

Dei to brørne vart buande saman på garden nokre år før dei gifta seg. I 1926 vart Hans eigar att. Han gifta seg med Lilly Larsen frå Geithus, Modum, og dei fekk seks born. Låven og loftet på nordre Holshagen selde dei til Norsk folkemuseum. Torleiv og kona Borghild (fødd Nos), dreiv ei tid Iungsdalshytta, før dei overtok Knutsgarden-Nos på Ål.

Til liks med eldstebroren Svein, som hadde vore fyrstemann i Hol, gjekk Hans på Voss folkehøgskule. Han tok også snikkarutdanning ved Hallingdal arbeidsskule. I tillegg til snikkararbeid, dreiv han med fe- og hestehandel saman med Torleiv, slik også far deira hadde gjort.

Som amatørfotograf verka Nestegard frå omkring 1950 og leverte mellom anna fotografi til Folk og fortid i Hol.

Både Hans og Torleiv spelte hardingfele og dansa halling. Hans var også med i styret for Norsk spelemannslag og var domar i mange kappleikar. Torleiv dreiv dessutan med rosemaling.

Også som idrettsmenn var båe brørne aktive sumar som vinter. Hans dreiv særleg med kombinert og friidrott og var dessutan med i skyttarlaget. Som den fyrste holingen tok han idrettsmerket i gull i 1933. Han gjorde også ein innsats for idretten som friviljug, mellom anna som formann i Hol skilag og Hallingdal skikrins (1920-25).

Nestegard vann i 1928 ei prinsippsak mot Kyrkjedepartementet om grunneigarretten til skogen på Hagateigen. I Hallingdal var det slik at dei berre selde trea, ikkje grunnen dei sto på, og høgsterett slo fast at slik skulle det vere også i denne saka.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Hans Nestegard er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.