Haugesagvegen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Bø, Haugesagvegen-1.jpg|Haugesagvegen sett nordøstover frå Oterholtvegen.|Roy Olsen|2016}}
{{thumb|Bø, Haugesagvegen-1.jpg|Haugesagvegen sett nordøstover frå Oterholtvegen.|Roy Olsen|2016}}
'''[[Haugesagvegen]]''' i [[Bø i Telemark]] går nordøstover frå [[Oterholtvegen]] ved [[Bø museum]] på [[Oterholt (Bø i Telemark)|Oterholt]] til snuplass i skogen ved elva Juvsåa.
'''[[Haugesagvegen]]''' i [[Bø i Telemark]] går nordøstover frå [[Oterholtvegen]] ved [[Bø Museum (Telemark)|Bø Museum]] på [[Oterholt (Bø i Telemark)|Oterholt]] til snuplass i skogen ved elva Juvsåa.


Vegen har namn etter dei to husmannsplassane Haugesag og er omlag 750 m lang. Det ligg sju einebustader langs vegen.
Vegen har namn etter dei to husmannsplassane Haugesag og er omlag 750 m lang. Det ligg sju einebustader langs vegen.

Sideversjonen fra 15. aug. 2018 kl. 00:53

Haugesagvegen sett nordøstover frå Oterholtvegen.
Foto: Roy Olsen (2016).

Haugesagvegen i Bø i Telemark går nordøstover frå Oterholtvegen ved Bø MuseumOterholt til snuplass i skogen ved elva Juvsåa.

Vegen har namn etter dei to husmannsplassane Haugesag og er omlag 750 m lang. Det ligg sju einebustader langs vegen.

Drygt 150 m sør for enden av vegen finn vi Haugesagfossen i Bøelva, den nedste av fossane som høyrde til Oterholt. Fossen blei tidleg utbygd, og alt omkring 1600 var det sagbruk her. Det var helst byborgarar som hadde med drifta å gjere, og i 1616 forpakta såleis rådmann i Skien, Jan Corneliussen Trinepol og Nils Herø saga. Nils som var sagmeister, tok seg bustad like attmed fossen, og dette blei utgangspunktet for husmannsplassen Haugesag. I 1634 dreiv Nils framleis her. I 1822 kjøpte kaptein Mathias Rye ¾ av Haugesagfossen. Det finnes ikkje spor att etter saga no.
Fleire stadsnam i området er knytta til sagdrifta og fløytinga: Haugesagvelta ligg like ovafor fossen, Haugesagmoen og Sagmyra ligg på nordsida av vegen.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Lunde, Gunnar: Bøsoga I, Kultursoga. Bø kommune 1972.
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band III. Bø kommune 1985, s. 150.


Koordinater: 59.43034° N 9.04684° Ø