Haukåsen (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:


==Kjelder==
==Kjelder==
*[http://www.sffarkiv.no/samsok2/default.aspx?skin=kulturnett «Gamlevegen over Haukåsen»], Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
*[http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=17715&spraak_id=1&ptype=single «Gamlevegen over Haukåsen»], Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Veger]]
[[Kategori:Veger]]

Sideversjonen fra 19. okt. 2010 kl. 05:58

Haukåsen er eit høgdedrag i dalbotnen i Jostedalen i Sogn og Fjordane mellom gardane Myklemyr i Jostedal sokn og Alsmo i Gaupne sokn.

Haukåsen ligg vest for Jostedøla og endar mot elva i det ville Haukåsgjelet. Dette har gjennom hundreåra vore eit vanskeleg punkt på ferdslevegen mellom Jostedalen og Røneid i Gaupne, og her gjekk den gamle prestegjelds- og kommunegrensa grensa mellom Luster og Jostedalen.

Gamlevegen over Haukåsen var berre ein kløvveg og gjekk opp frå dalbotnen ved Hellemoøyane nord for garden Alsmo. Vegen kom ned i Myten sør for Myklemyr.

Ein køyreveg vart bygt gjennom gjelet nedmed elva i åra 1889-1891, og den gamle vegen over Haukåsen vart då lagt ned som vedlikehaldspliktig veg. Dette var det vanskelegaste punktet ein skulle forbi for å lage køyreveg frå Gaupne til Jostedalen.

I 1959 stod Haukåstunnelen ferdig, som fylkesveg 604 i dag går gjennom. Vegen gjennom gjelet vart då lagt ned.

Gamlevegen over Haukåsen vart i 2003 utvida til traktorveg på Myklemyr-sida, men dei gamle murane i bratta opp frå Myten er tekne vare på.

Kjelder