Haukåsen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. okt. 2010 kl. 05:54 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Haukåsen''' er eit høgdedrag i dalbotnen i Jostedalen mellom gardane Myklemyr i Jostedal sokn og Alsmo i Gaupne sokn. Haukåsen ligg vest for [[Jostedø…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Haukåsen er eit høgdedrag i dalbotnen i Jostedalen mellom gardane Myklemyr i Jostedal sokn og Alsmo i Gaupne sokn.

Haukåsen ligg vest for Jostedøla endar mot elva i det ville Haukåsgjelet. Dette har gjennom hundreåra vore eit vanskeleg punkt på ferdslevegen mellom Jostedalen og Røneid i Gaupne, og her gjekk den gamle prestegjelds- og kommunegrensa grensa mellom Luster og Jostedalen.

Gamlevegen over Haukåsen var berre ein kløvveg og gjekk opp frå dalbotnen ved Hellemoøyane nord for garden Alsmo. Vegen kom ned i Myten sør for Myklemyr.

Ein køyreveg vart bygt gjennom gjelet nedmed elva i åra 1889-1891, og den gamle vegen over Haukåsen vart då lagt ned som vedlikehaldspliktig veg. Dette var det vanskelegaste punktet ein skulle forbi for å lage køyreveg frå Gaupne til Jostedalen.

I 1959 stod Haukåstunnelen ferdig, som fylkesveg 604 i dag går gjennom. Vegen gjennom gjelet vart då lagt ned.

Gamlevegen over Haukåsen vart i 2003 utvida til traktorveg på Myklemyr-sida, men dei gamle murane i bratta opp frå Myten er tekne vare på.

Kjelder