Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 38: Linje 38:


==Onsdag 24. april==
==Onsdag 24. april==
[[M%C3%B8re_infanteriregiment_nr_11_under_andre_verdenskrig#Lvbn:_vakthald_og_sikring_.C3.85ndalsnes_-_Lesja|To av mitraljøsetroppane til landvernkp 4]] vart sendt frå [[Verma]] til luftvern på flyplassen på Lesjaskogsvatnet. [[M%C3%B8re_infanteriregiment_nr_11_under_andre_verdenskrig#Bn_III_.28Kj.C3.B8s.29_i_kamp_ved_Innset_og_i_Folldalen_26._-_29._april|Feltbataljon 3 / IR 11 (Kjøs)]] sendt gjennom bygda med tog til Dombås og seinare Hjerkinn / Ulsberg.
[[Møre_infanteriregiment_nr_11_under_andre_verdenskrig#Lvbn:_vakthald_og_sikring_.C3.85ndalsnes_-_Lesja|To av mitraljøsetroppane til landvernkp 4]] vart sendt frå [[Verma]] til luftvern på flyplassen på Lesjaskogsvatnet. Dei vart underlagt lvkp 2 / IR 11, sette opp mitraljøsestillingar rundt vatnet og og fekk forlegningar på Åheim og Bjølverudgardane.<ref>Munthe-Kaas s. 233.</ref>
 
[[Møre_infanteriregiment_nr_11_under_andre_verdenskrig#Bn_III_.28Kj.C3.B8s.29_i_kamp_ved_Innset_og_i_Folldalen_26._-_29._april|Feltbataljon 3 / IR 11 (Kjøs)]] sendt gjennom bygda med tog til Dombås og seinare Hjerkinn / Ulsberg.


==Torsdag 25. april==
==Torsdag 25. april==

Sideversjonen fra 20. okt. 2010 kl. 18:26

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

I denne artikkelen samlar ein faktainformasjon om hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sør-Noreg kapitulerte. Informasjonen skal helst ha kjeldetilvisingar.

Torsdag 9. april

Kaptein og ordførar John Botheim, kompanisjef i IR 5, drog til mobiliseringsstaden sin, Terningmoen ved Elverum.[1]

Fredag 10. april

Fleire lesjingar mobiliserte, m.a. Jonas Skotte på Jørstadmoen.[2]

Laurdag 13. april

Andre feltbataljon av IR 11 (Navelsaker) passerte Lesja på veg mot Dombås seint om kvelden (kom til Dombås kl 23.00).

Søndag 14. april

Tyske fallskjermsoldatar landa på Hosetmoen og ved Slådalsvegen om kvelden mellom kl 18.00 og 19.00. Ein styrke på ca 40 soldatar frå IR 11 på Dombås under kommando av fenrik Lars Hofseth frå Vestnes rykte ut mot Lesja for å nedkjempe desse da mørkret var i ferd med å falle på. Ved Bottheim stasjon møtte dei bygdefolk som fortalde om tyskarar på sørsida av dalen, og Hofseth sette da att halvparten for å oppklare mot desse. Sjølv heldt han fram mot den andre gruppa, 17 mann, og kom i eldkamp med dei kring midnatt. Ein tysk obergefreiter vart drepen her.[3]

Måndag 15. april

Hofseth og resten av styrken vart liggande i stilling til kl 03.00 da han gjekk ned og fekk kontakt med to karar frå skyttarlaget som fortalde at tyskarane hadde trekt seg ned på ein gard. Hofseth fekk da karane sine i hus, og fekk kort tid etter ein geværtropp og ein mitraljøsetropp frå bataljonen på Dombås som forsterking. Dei oppdaga da at tyskarane hadde trekt over på sørsida av dalen og var på veg mot Dombås, og heldt seg på avstand medan dei observerte.[4]

Tysdag 16. april

Kart over delar av fallskjermangrepet Lora - Lesja

Kl 11.00 om formiddagen fekk fenr. Hofseth melding frå Lesja sentrum om at tyskarane var komne dit. Han rykka da dit og tok gruppa - 23 mann - til fange. Deretter drog styrken til Bottheim stasjon og gjekk saman med den gruppa som var der. Dei opna eld mot dei tyskarane som var på sørsida av dalen, og dei overgav seg raskt. Det var 24 mann.[5]

Onsdag 17. april

Torsdag 18. april

Fredag 19. april

Laurdag 20. april

Arbeidet med rydding av ein flyplass på Lesjaskogvatnet blir sett i gang etter ordre frå HOK. Det er for det aller meste bygdefolk som gjer arbeidet. Alt same dag kunne nokre norske Fokkerfly lande på banen, som da var 750 meter lang og 70 meter brei.[6]

Søndag 21. april

Måndag 22. april

Tysdag 23. april

Britiske bakkemannskapar kom til flyplassen på Lesjaskogvatnet med drivstoff og flyammunisjon. Ca 100 mann vart innkvartert på Slettomgardane og Bryggja. To luftvernkanonar vart sett opp noko vest for vestenden av vatnet.[7]

Onsdag 24. april

To av mitraljøsetroppane til landvernkp 4 vart sendt frå Verma til luftvern på flyplassen på Lesjaskogsvatnet. Dei vart underlagt lvkp 2 / IR 11, sette opp mitraljøsestillingar rundt vatnet og og fekk forlegningar på Åheim og Bjølverudgardane.[8]

Feltbataljon 3 / IR 11 (Kjøs) sendt gjennom bygda med tog til Dombås og seinare Hjerkinn / Ulsberg.

Torsdag 25. april

Fredag 26. april

Gjenverande avdelingar av Dragonregiment 2, to eskadronar og ein bombekastartropp, braut opp frå kvilestilling ved Nord-Sel om kvelden 25. og kom til området Lesja - Lora om morgonen 26. april.[9]

Luftvernkommandoen, Dombås luftvern, hadde kommandoplass i Kjørmsgrende inn til 26. april, da dei flytta til Tråsådalen på sørsida av Lågen.[10]

Eit pionerkompani på 157 mann vart sett opp 26. april av einingar frå sambandkompaniet ved 2. div. og øvingsavdelinga til Ingeniørregimentet. Kompaniet fekk kvarterer på lesjaskog og deltok i oppryddingsarbeid på riksvegen og jernbanen etter den kontinuerlege tyske bombinga.[11]

Generalfelttøymesteren fekk 25. april ordre frå HOK om å flytte alle lagra av ammunisjon og bensin sør for Dombås til Bjorli og Verma. Han kom til Bjorli 26. april.[12]

Laurdag 27. april

Divisjonsintendanten var på Sel da han 26. april fekk ordre om å flytte alle magasina til Lesja. Desse vart sendt til Bottem og Øygarden på Lesjaskog. Intendanten etablerte kvarter på Systugu Einbu. Dit kom òg divisjonsstaben kr 0430.[13]

Søndag 28. april

Måndag 29. april

Generalfelttøymesteren med stab reiste frå Bjorli til Isfjorden.[14]

Luftvernkommandoen, Dombås luftvern, som sidan 26. april hadde lege ved Tråsådalen, fekk ordre om å klargjere for tilbaketrekking til Romsdalen og å sikre Slådalsvegen. Avdelinga drog i 22-tida om kvelden og kom neste dag til Eidsbygda.[15]

Tysdag 30. april

Onsdag 1. mai

Torsdag 2. mai

Kjelder og litteratur

  • Amundgård, Arne (red.) u.å. (eige eks. dat. 1993): Nogo um krigen i Lesja og Lesjaskog 1940–1945. Andre utgåve.
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag.
  • Årflot, Odd 1985: Soldat, april 1940. Det Norske Samlaget.
  • Rapportar i Riksarkivet, FKH Andre utskilte arkivdeler – Krigen i Norge 1940-1945 Hæren II-C-11-512 – 5. Divisjon. Arkivenhet: RA/RAFA-2017/Y/Yb/L0113 frå felttoget, av:
    • Hofseth, Lars, fenrik / NK kp 7 / IR 11, dat. 25. april 1946.
    • Thue, David, oberst / sjef IR 11, dat. 13. februar 1941 (fotokopi finst òg ved biblioteket, Høgskulen i Volda)

Referansar

  1. Amundgård s. 1
  2. Amundgård s. 1
  3. Hofseth s. 1f.
  4. Hofseth s. 2.
  5. Hofseth s. 2.
  6. Munthe-Kaas s. 232f.
  7. Munthe-Kaas s. 233.
  8. Munthe-Kaas s. 233.
  9. Munthe-Kaas s. 243.
  10. Munthe-Kaas s. 247.
  11. Munthe-Kaas s. 245.
  12. Munthe-Kaas s. 246f.
  13. Munthe-Kaas s. 246. Thues rapport s. 38 har avskrift av eit skriv frå divisjonssjefen dat. 27/4 der det går fram at divisjonskommandoplassen var hos Harald Einbu, og det må ha vore Systugu, jfr Bygdebok for Lesja bd 1 s. 202.
  14. Munthe-Kaas s. 247.
  15. Munthe-Kaas s. 247.