Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. okt. 2010 kl. 15:04 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{Under arbeid}} I denne artikkelen samlar ein faktainformasjon om hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sø…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

I denne artikkelen samlar ein faktainformasjon om hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sør-Noreg kapitulerte. Informasjonen skal helst ha kjeldetilvisingar.

9. april

Kaptein og ordførar John Botheim, kompanisjef i IR 5, dreg til mobiliseringsstaden sin, Terningmoen ved Elverum.[1]

10. april

Fleire lesjingar mobiliserer, m.a. Jonas Skotte på Jørstadmoen.[2]

13. april

Andre feltbataljon av IR 11 passerer Lesja på veg mot Dombås seint om kvelden (kjem til Dombås kl 23.00).

14. april

Tyske fallskjermsoldatar landar på Hosetmoen og ved Slådalsvegen om kvelden mellom kl 18.00 og 19.00. Ein styrke på ca 40 soldatar frå IR 11 på Dombås under kommando av fenrik Lars Hofseth frå Vestnes rykte ut mot Lesja for å nedkjempe desse da mørkret var i ferd med å falle på. ved Bottheim stasjon møtte dei bygdefolk som fortalde om tyskarar på sørsida av dalen, og Hofseth sette da att halvparten for å oppklare mot desse. Sjølv heldt han fram mot den andre gruppa, 17 mann, og kom i eldkamp med dei kring midnatt. Ein tysk obergefreiter vart drepen her.[3]

15. april

Kjelder og litteratur

  • Amundgård, Arne (red.) u.å. (eige eks. dat. 1993): Nogo um krigen i Lesja og Lesjaskog 1940–1945. Andre utgåve.
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag.
  • Rapport fra Møre infanteriregiment nr 11. Krigen i Romsdal og Nordre Gudbrandsdal i tiden 11/4 - 2/5 1940. Udatert stensilert kopi ved biblioteket Høgskulen i Volda, men den ser ut til å vere identisk med ein rapport dat. 13. februar 1941 i Riksarkivet: FKH Andre utskilte arkivdeler – Krigen i Norge 1940-1945 Hæren / II-C-11-512 – 5. Divisjon / Arkivenhet: RA/RAFA-2017/Y/Yb/L0113. Den udaterte kopien er truleg laga til 50-årsmarkeringa av operasjonane i 1990 (i følgje Ola Norang i Frå Hjørundfjord. Årsskrift frå Hjørundfjord sogelag 1990 s. 80 fekk veteranane utlevert ein slik rapport på Setnesmoen 11. april 1990).
  • Årflot, Odd 1985: Soldat, april 1940. Det Norske Samlaget.

Referansar

  1. Amundgård s. 1
  2. Amundgård s. 1
  3. Årflot s. 55f.