Herbjørn Gausta

Herbjørn Gausta (fødd 1854 i Tinn, død 1924 i Minnesota) var fotograf og kunstmålar.

Han var son av gardbrukar Niels Herbjørnsson Gausta (f. 1808) og Anne Olsdotter Gausta, og vaks opp på Gaustad mellom i Mæl sokn i Tinn. Familien utvandra då han var tretten år gamal.

Gausta er rekna som den fremste kunstnaren i det norske utvandrarmiljøet i Amerika. Han blei etter kvart ein særs akta kunstmålar. Det var mindre kjent at han også var ein habil fotograf. Hans fotografi finst i det norsk-amerikanske museet i Iowa. Fotografia frå Noreg er tekne i Rauland og Tinn på ei reise han gjorde - truleg i 1899. I samband med 150-årsjubileet for den første utvandringa til Amerika, blei dei vist på ein utstilling i Rjukan bibliotek i 1987. Herbjørn Gausta brukte fleire av fotografia sine som grunnlag for måleri.

Kjelder


  Herbjørn Gausta er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!