Herdla: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
(8 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Herdla]]''' er ei [[øy]] i nordenden av [[Askøy kommune]] i [[Hordaland fylke]]. Den 1,6 km² store øya ligg tre mil frå [[Kleppestø]] og Askøybrua. I tidsrommet 1871-1964 var Herdla ein [[Herdla kommune|eigen kommune]].
{{thumb|Herdla 01 230817.jpg|Feriebustadar på Herdla.|[[Leif-Harald Ruud]]|2023}}
{{thumb|Herdla 02 230817.jpg|Fuglereservatet på Herdla vert også nytta som beitemark.|Leif-Harald Ruud|2023}}
{{thumb|Herdla 03 230817.jpg|Herdla kyrkje.|Leif-Harald Ruud|2023}}
{{thumb|Herdla 04 230817.jpg|Golfspelarar på Herdla golfklubb si bane.|Leif-Harald Ruud|2023}}
 
'''[[Herdla]]''' er ei [[øy]] i nordenden av [[Askøy kommune]]. Den 1,6 km² store øya ligg tre mil frå [[Kleppestø]] og Askøybrua. I tidsrommet 1871–1964 var Herdla ein [[Herdla kommune|eigen kommune]].


== Naturtilhøve ==
== Naturtilhøve ==
Herdla er det rikaste [[fugl]]eområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar fram til 2003. Det særmerkte og produktive [[sjø]]- og [[våtmark]]sområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i [[1985]]. Området er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store [[naturreservat]]et som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med på å gjera Herdla til eit viktig reisemål. På [[Herdla museum]] kan ein læra om kulturhistoria og naturhistoria til øya.  
Herdla er det rikaste fugleområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar fram til 2003. Det særmerkte og produktive sjø- og våtmarksområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i [[1985]]. Området er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store naturreservatet som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med på å gjera Herdla til eit viktig reisemål. På [[Herdla museum]] kan ein læra om kulturhistoria og naturhistoria til øya.  


I mellomalderen budde baglarkongen [[Filippus Simonsson]] på Herdla. Då han døydde i 1217 kom baglarane og birkebeinarane til forlik.
I mellomalderen budde baglarkongen [[Filippus Simonsson]] på Herdla. Då han døydde i 1217 kom baglarane og birkebeinarane til forlik.
Linje 9: Linje 14:
Herdla flyplass vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under [[den andre verdskrigen]]. Den flate Herdlevalen eigna seg til å byggja ein flybase, og Herdla var den viktigaste flyplassen mellom [[Stavanger lufthamn, Sola]] og [[Trondheim lufthamn, Værnes]]. [[Bergen lufthamn, Flesland]] vart ikkje opna før i [[1955]]. Flybasen på Herdla var viktig i forsvaret av ubåtbyen [[Bergen]]. Tyskarane bygde og opp Herdla fort, inkludert torpedobatteri Hjelte. Herdla vart kalla «Festung Herdla», og alle sivile måtte i løpet av krigen flytta frå øya. Då innbyggjarane kom tilbake i 1945 var det eit omfattande oppryddingsarbeid som stod for døra.  
Herdla flyplass vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under [[den andre verdskrigen]]. Den flate Herdlevalen eigna seg til å byggja ein flybase, og Herdla var den viktigaste flyplassen mellom [[Stavanger lufthamn, Sola]] og [[Trondheim lufthamn, Værnes]]. [[Bergen lufthamn, Flesland]] vart ikkje opna før i [[1955]]. Flybasen på Herdla var viktig i forsvaret av ubåtbyen [[Bergen]]. Tyskarane bygde og opp Herdla fort, inkludert torpedobatteri Hjelte. Herdla vart kalla «Festung Herdla», og alle sivile måtte i løpet av krigen flytta frå øya. Då innbyggjarane kom tilbake i 1945 var det eit omfattande oppryddingsarbeid som stod for døra.  


== Herdla herad (kommune) 1871 - 1964 ==
== Herdla herad (kommune) 1871–1964 ==


{{utdypende artikkel|Herdla herad}}
{{utdypende artikkel|Herdla herad}}
Herdla vart 1. januar 1871 skild ut frå [[Manger]] som eigen kommune med namnet Herlø [[herad]]skommune. Namnet vart endra til Herdla i 1917. Det administrative setet vart lagt til Herdla øy. I kommunen var om lag 2000 øyar, holmar og båer. Til saman utgjorde dette 114 kvadratkilometer. Berre 10 kvadratkilometer var jordbruksareal. Fiske var viktigaste næringsvegen. Ca. 5000 menneske budde i kommunen då han vart oppløyst frå 1. januar 1964. [[Øygarden kommune]] vart skipa, [[Misje]] og [[Turøy]] vart lagde til [[Fjell kommune]]. Området [[Kjerrgarden]]-Herdla vart lagde til Askøy kommune og Eikeland-Husebø til [[Meland kommune]]. [[Bognøy]] vart lagd til [[Radøy kommune]]. [[Herdla kyrkje]] har lange tradisjonar, og var kyrkje for store delar av gamle Herdla herad.
Herdla vart 1. januar 1871 skild ut frå [[Manger]] som eigen kommune med namnet Herlø [[herad]]skommune. Namnet vart endra til Herdla i 1917. Det administrative setet vart lagt til Herdla øy. I kommunen var om lag 2000 øyar, holmar og båer. Til saman utgjorde dette 114 kvadratkilometer. Berre 10 kvadratkilometer var jordbruksareal. Fiske var viktigaste næringsvegen. Ca. 5000 menneske budde i kommunen då han vart oppløyst frå 1. januar 1964. [[Øygarden kommune]] vart skipa, [[Misje]] og [[Turøy]] vart lagde til [[Fjell kommune]]. Området [[Kjerrgarden]]–Herdla vart lagde til Askøy kommune og Eikeland–Husebø til [[Meland kommune]]. [[Bognøy]] vart lagd til [[Radøy kommune]]. [[Herdla kyrkje]] har lange tradisjonar, og var kyrkje for store delar av gamle Herdla herad.


== Bakgrunsstoff ==
== Bakgrunnsstoff ==
*Benonisen, Per: ''Askøy - Herdla - Meland kommuner : grenserevisjoner og revisjonsønsker 1919-1964'', Hovedoppgave i historie - Universitetet i Bergen, 1995.
*Benonisen, Per: ''Askøy - Herdla - Meland kommuner : grenserevisjoner og revisjonsønsker 1919–1964'', Hovedoppgave i historie Universitetet i Bergen, 1995.
*Skjelanger, Torstein (red): ''Herdla kommunesoge : 1870-1963'', Herdla 1971.
*Skjelanger, Torstein (red): ''Herdla kommunesoge : 1870–1963'', Herdla 1971.
*Sælensminde, Ole Bjørn: ''Herdla : fra fredelig bygd til krigsskueplass'', Kleppestø 2001.
*Sælensminde, Ole Bjørn: ''Herdla : fra fredelig bygd til krigsskueplass'', Kleppestø 2001.
*Virkesdal, Erling: ''Herdla : den spesielle øya'', Kleppestø 2002.
*Virkesdal, Erling: ''Herdla : den spesielle øya'', Kleppestø 2002.
Linje 22: Linje 27:
*[http://museumsnett.no/herdlamuseum/ Herdla museum på museumsnett.no]
*[http://museumsnett.no/herdlamuseum/ Herdla museum på museumsnett.no]
*[http://www.herdlagolf.no/ Herdla golfklubb si heimeside]
*[http://www.herdlagolf.no/ Herdla golfklubb si heimeside]
*[http://www.gjestehuset.no/ Heimeside for Herdlevågen gjestehus]
*[http://www.herdla.no/norsk/ Heimeside for Herdla Ferie & Fritid]
*[http://www.herdla.no/norsk/ Heimeside for Herdla Ferie & Fritid]


{{Wikipedia|nn}}
{{Wikipedia|nn}}


[[kategori:Askøy kommune]]
[[Kategori:Askøy kommune]]
[[kategori:Øyer]]
[[Kategori:Vestland fylke]]
[[Kategori:Øyer]]
{{nn}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 8. mar. 2024 kl. 00:49

Feriebustadar på Herdla.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).
Fuglereservatet på Herdla vert også nytta som beitemark.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).
Herdla kyrkje.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).
Golfspelarar på Herdla golfklubb si bane.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).

Herdla er ei øy i nordenden av Askøy kommune. Den 1,6 km² store øya ligg tre mil frå Kleppestø og Askøybrua. I tidsrommet 1871–1964 var Herdla ein eigen kommune.

Naturtilhøve

Herdla er det rikaste fugleområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar fram til 2003. Det særmerkte og produktive sjø- og våtmarksområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i 1985. Området er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store naturreservatet som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med på å gjera Herdla til eit viktig reisemål. På Herdla museum kan ein læra om kulturhistoria og naturhistoria til øya.

I mellomalderen budde baglarkongen Filippus Simonsson på Herdla. Då han døydde i 1217 kom baglarane og birkebeinarane til forlik.

Herdla flyplass og fort

Herdla flyplass vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Den flate Herdlevalen eigna seg til å byggja ein flybase, og Herdla var den viktigaste flyplassen mellom Stavanger lufthamn, Sola og Trondheim lufthamn, Værnes. Bergen lufthamn, Flesland vart ikkje opna før i 1955. Flybasen på Herdla var viktig i forsvaret av ubåtbyen Bergen. Tyskarane bygde og opp Herdla fort, inkludert torpedobatteri Hjelte. Herdla vart kalla «Festung Herdla», og alle sivile måtte i løpet av krigen flytta frå øya. Då innbyggjarane kom tilbake i 1945 var det eit omfattande oppryddingsarbeid som stod for døra.

Herdla herad (kommune) 1871–1964

Utdypende artikkel: Herdla herad

Herdla vart 1. januar 1871 skild ut frå Manger som eigen kommune med namnet Herlø heradskommune. Namnet vart endra til Herdla i 1917. Det administrative setet vart lagt til Herdla øy. I kommunen var om lag 2000 øyar, holmar og båer. Til saman utgjorde dette 114 kvadratkilometer. Berre 10 kvadratkilometer var jordbruksareal. Fiske var viktigaste næringsvegen. Ca. 5000 menneske budde i kommunen då han vart oppløyst frå 1. januar 1964. Øygarden kommune vart skipa, Misje og Turøy vart lagde til Fjell kommune. Området Kjerrgarden–Herdla vart lagde til Askøy kommune og Eikeland–Husebø til Meland kommune. Bognøy vart lagd til Radøy kommune. Herdla kyrkje har lange tradisjonar, og var kyrkje for store delar av gamle Herdla herad.

Bakgrunnsstoff

  • Benonisen, Per: Askøy - Herdla - Meland kommuner : grenserevisjoner og revisjonsønsker 1919–1964, Hovedoppgave i historie – Universitetet i Bergen, 1995.
  • Skjelanger, Torstein (red): Herdla kommunesoge : 1870–1963, Herdla 1971.
  • Sælensminde, Ole Bjørn: Herdla : fra fredelig bygd til krigsskueplass, Kleppestø 2001.
  • Virkesdal, Erling: Herdla : den spesielle øya, Kleppestø 2002.

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Herdla» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.