Herman Anker (1839–1896)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Herman Anker (fødd i Berg i nåverande Halden kommune 15. juli 1839, død same stad 9. februar 1896) var teolog og folkehøgskulemann. Saman med Olaus Arvesen grunnla han i 1864 den fyrste folkehøgskulen i Noreg, Sagatun på Hamar. Han vart seinare postmeister på Hamar.
Herman Anker var fødd og oppvaksen på Rød herregård ved Halden. Han var son av godseigar og grosserar Peder Martin Anker og Cathrine Olava Nicoline Gløersen, og bror til mellom anna Dikka Møller og Christian August Anker. Han vart gift med Marie Elisabeth Bojsen (1843–1892). Dei fekk ti born, av desse vart særleg Katti Anker Møller og Ella Anker særleg kjende.
|