Herman Anker (1839–1896)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Herman Anker
Foto: Gustav Borgen
Herman Anker (fødd i Berg i nåverande Halden kommune 15. juli 1839, død same stad 9. februar 1896) var teolog og folkehøgskulemann. Saman med kona Marie Elisabeth (Mix) og venen Olaus Arvesen grunnla Anker i 1864 den fyrste folkehøgskulen i Noreg, SagatunHamar. Anker vart seinare postmeister på Hamar.

Herman Anker var fødd og oppvaksen på Rød herregård ved Halden. Han var son av godseigar og grosserar Peder Martin Anker og Cathrine Olava Nicoline Gløersen, og bror til mellom anna Dikka Møller og Christian August Anker. Han gifta seg i 1863 med danskfødde Marie Elisabeth Bojsen (1843–1892). Dei fekk ti born, av desse vart særleg Katti Anker Møller og Ella Anker kjende. To av døtrene gifta seg med to brør Castberg, Karen Kathrine (1867–1932) med stortingsmann og statsråd Johan Castberg, Ida (1870–1945) med musikar og musikkpedagog Torgrim Castberg.

Herman Anker gjekk latinskulen i Halden og tok examen artium i 1857. Han avla teologisk embetseksamen i 1863, same året som han gifta seg.

I studietida hadde Anker eit lengre opphald i København saman med Arvesen. Dei oppsøkte der Grundtvig, og vart sterkt influerte av han både kva galdt teologisk syn og pedagogiske idear.

Folkehøgskulen kom i gang i leigde lokale 1. oktober 1864. Det var eit åttemånaders kurs for 80 gutar. Anker var leiar og økonomisk ansvarleg, medan han og Arvsen delte undervisninga seg i mellom. Mix Anker var ei hovudkraft når det galdt å skape eit godt sosialt miljø ved det nye skuleslaget. Eit sjølveigd skulebygning vart teken i bruk frå hausten 1865.

Herman Anker trekte seg ut av skuleverksemda frå 1873. Han engasjerte seg i ein del økonomisk verksemd, mellom mølledrift (Vendkvern mølle i Vang), fyrstikkfabrikk på Hamar, og skogeigedomar i Løten. Verksemdene gjekk til dels med tap. I 1885 vart Anker postmeister på Hamar, men vart alvorleg sjuk i 1895.

Anker var samfunnsengasjert på fleire vis. Han sokna politisk til Venstre. Han fekk i gang Hamar kunstforening, og tok initiativ til å få oppretta ein husmorskule på Hedemarken. Saman med Viggo Ullmann, Wollert Konow og Jacob E. Lange, gav han ut Vor tid, tidsskrift for kristendom og samfunnsspørsmål.

Kjelder og litteratur