Herman Anker (1839–1896)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. feb. 2017 kl. 09:40 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Litt utbygging)
Hopp til navigering Hopp til søk

Herman Anker (fødd i Berg i nåverande Halden kommune 15. juli 1839, død same stad 9. februar 1896) var teolog og folkehøgskulemann. Saman med kona Marie Elisabeth (Mix) og venen Olaus Arvesen grunnla Anker i 1864 den fyrste folkehøgskulen i Noreg, SagatunHamar. Anker vart seinare postmeister på Hamar.

Herman Anker var fødd og oppvaksen på Rød herregård ved Halden. Han var son av godseigar og grosserar Peder Martin Anker og Cathrine Olava Nicoline Gløersen, og bror til mellom anna Dikka Møller og Christian August Anker. Han gifta seg i 1863 med danskfødde Marie Elisabeth Bojsen (1843–1892). Dei fekk ti born, av desse vart særleg Katti Anker Møller og Ella Anker kjende.

Herman Anker gjekk latinskulen i Halden og tok examen artium i 1857. Han avla teologisk embetseksamen i 1863, same året som han gifta seg.

I studietida hadde Anker eit lengre opphald i København saman med Arvesen. Dei oppsøkte der Grundtvig, og vart sterkt influerte av han både kva galdt teologisk syn og pedagogiske idear.


Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!