Herman Gerhard Treschow: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Forandrer til persistent url)
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
 
(5 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Herman Gerhard Treschow]]''' (fødd 18. juli 1780 i København, død 12. februar 1836 i København) var amtmann for [[Nordre Bergenhus amt]] 1811-1814 og var ein av dei danske embetsmennene som forlet Noreg i 1814.

Treschow var son av Michael Treschow (1741-1816), assessor i Høgsterett og seinare amtmann, og Christina Elisabeth Wasserfall (1753-1823). Han gifte seg 8.10.1813 med skodespelaren Juliane Maria Funck (1786-1868).  
Treschow var son av [[Michael Treschow (1741-1816)|Michael Treschow]], assessor i [[Højesteret]] og seinare amtmann i Roskilde, og Christina Elisabeth Wasserfall (1753-1823). Han gifte seg 8.10.1813 med skodespelaren [[Juliane Maria Funck]] (1786-1868), dotter av te- og porselenshandlar i København Peter Funck og Sina Catharina Wøhlers.

Treschow vart student ved København universitet i 1797 og cand.jur. i 1800. Same året vart han protokollsekretær i Høgsterett, i 1804 assessor i Hof- og Stadsretten i København og i 1807 premierløytnant i Kongens livkorps.

Linje 7: Linje 7:
Den 22.10.1811 vart Treschow utnemnd til [[Fylkesmenn i Sogn og Fjordane|amtmann for Nordre Bergenhus amt]] etter at [[Hilmar Meincke Krohg]] same året ikkje hadde teke imot embetet. Treschow slo seg ned i Bergen som forgjengarane, men kjøpte i 1813 garden [[Askelund (Balestrand)|Askelund]] i Balestrand og slo seg ned der. I 1814 leidde Treschow [[Valmenn i Nordre Bergenhus 1814|amtsvalet til riksforsamlinga]]. Etter brotet med Danmark fekk han avskil med ventepengar frå embetet og flytte attende til Danmark. Futen i Sogn, [[Rasmus Endresen (1767-1841)|Rasmus Endresen]], vart konstituerte i amtmannsembetet etter Treschow i 1814, kjøpte Askelund av han og døypte jamvel ein son ''Herman Gerhard'' hausten 1814, truleg ei oppkalling etter Treschow.

I Danmark hadde Treschow fleire embete, mellom anna to amtmannsembete. Han var medlem av fleire regjeringskommisjonar.  
I Danmark hadde Treschow fleire embete, mellom anna to amtmannsembete, Vejle og Frederiksborg. Han var medlem av fleire regjeringskommisjonar. I 1824 vart han ridder av [[Dannebrogsordenen]], og i 1826 [[Dannebrogsmann]].

==Litteratur==
==Litteratur==
*[http://runeberg.org/dbl/17/0505.html «Herman Gerhard Treschow»], ''Dansk biografisk lexikon'', bd. 17, 1903, s. 503-504. (runeberg.org)
*[http://runeberg.org/dbl/17/0505.html «Herman Gerhard Treschow»], ''Dansk biografisk lexikon'', bd. 17, 1903, s. 503-504. (runeberg.org)
*Weidling, Tor. (2000). ''Eneveldets menn i Norge. Sivile sentralorganer og embetsmenn 1660-1814.'' Oslo: Riksarkivaren, s. 308-309. ([http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008111900017#309 Digital utgåve])
*{{Weidling 2000}}, s. 308f.
 
==Eksterne lenkjer==
 
* {{hbr1-1|pv00000001543082|Herman Gerhard Treschow}}.

{{DEFAULTSORT:Treschow, Herman Gerhard}}
{{DEFAULTSORT:Treschow, Herman Gerhard}}
[[Kategori:Amt- og fylkesmenn]]
[[Kategori:Amt- og fylkesmenn]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Danmark]]
[[Kategori:Bergen kommune]]
[[Kategori:Sogndal kommune]]
[[Kategori:Balestrand]]
[[Kategori:Vestland fylke]]
[[Kategori:Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Fødsler i 1780]]
[[Kategori:Fødsler i 1780]]
[[Kategori:Dødsfall i 1836]]
[[Kategori:Dødsfall i 1836]]
[[Kategori:Sogn og Fjordane fylke]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 16. nov. 2023 kl. 13:14

Herman Gerhard Treschow (fødd 18. juli 1780 i København, død 12. februar 1836 i København) var amtmann for Nordre Bergenhus amt 1811-1814 og var ein av dei danske embetsmennene som forlet Noreg i 1814.

Treschow var son av Michael Treschow, assessor i Højesteret og seinare amtmann i Roskilde, og Christina Elisabeth Wasserfall (1753-1823). Han gifte seg 8.10.1813 med skodespelaren Juliane Maria Funck (1786-1868), dotter av te- og porselenshandlar i København Peter Funck og Sina Catharina Wøhlers.

Treschow vart student ved København universitet i 1797 og cand.jur. i 1800. Same året vart han protokollsekretær i Høgsterett, i 1804 assessor i Hof- og Stadsretten i København og i 1807 premierløytnant i Kongens livkorps.

Den 22.10.1811 vart Treschow utnemnd til amtmann for Nordre Bergenhus amt etter at Hilmar Meincke Krohg same året ikkje hadde teke imot embetet. Treschow slo seg ned i Bergen som forgjengarane, men kjøpte i 1813 garden Askelund i Balestrand og slo seg ned der. I 1814 leidde Treschow amtsvalet til riksforsamlinga. Etter brotet med Danmark fekk han avskil med ventepengar frå embetet og flytte attende til Danmark. Futen i Sogn, Rasmus Endresen, vart konstituerte i amtmannsembetet etter Treschow i 1814, kjøpte Askelund av han og døypte jamvel ein son Herman Gerhard hausten 1814, truleg ei oppkalling etter Treschow.

I Danmark hadde Treschow fleire embete, mellom anna to amtmannsembete, Vejle og Frederiksborg. Han var medlem av fleire regjeringskommisjonar. I 1824 vart han ridder av Dannebrogsordenen, og i 1826 Dannebrogsmann.

Litteratur

Eksterne lenkjer